Kong Haakon VII fotografert på Slottet ved sitt skrivebord. Foto: NTB scanpix

Kong Haakons spørsmål til landets første liberale biskop

I 1923 møtte kong Haakon VII den liberale nidarosbiskopen Jens Gran Gleditsch og stilte eit viktig spørsmål om Jesus.

Kong Haakon VII (1905–1957), som levde nøye med i det som skjedde i kyrkja, sa følgjande: «Det eneste som kan redde verden ut av vanskeligheter og alt det onde er å vende tilbake til den gammeldagse kristendom med de gamle kristne verdier, som må gjennomsyre et folk hvis vår kultur skal bestå.» (Kilde: Illustrert Norsk Bibelleksikon, 1965)

Gamlekongen sine ord kunne ha summert opp realitetsforståinga hjå dei 950 delegatene frå Kristen-Noreg samla i Calmeyergata Misjonshus januar 1920, og orda hans har diverre større aktualitet i dag enn då dei vart sagde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bibellærer på Fjellhaug Misjonsskule, cand. theol. Øyvind Andersen, fortalde oss i misjonsskuleklassa i åra 1965–69 at då den liberale og nytilsette Nidarosbiskop Jens Gran Gleditsch, sannsynlegvis den første verkeleg klassisk liberale biskopen i Noreg, i 1923 møtte i audiens hos Kong Haakon, stilte Kongen følgjande spørsmål til den nye biskopen:

«Si meg, Biskop Gleditsch, hvem var Jesus?»

Gleditsch svara: «Det kommer ikke så meget an på hvem Jesus var som på hva Jesus betyr for oss!»

Hans Majestet Kong Haakon VII svara den nye biskopen: «God dag mann økseskaft!»

Øyvind Andersen la til at kongen antyda at audiensen vart svært kort. Underteikna har grunnar til å rekna med at Øivind Andersen, som budde i Oslo, enten kjende kongen personleg eller sto personar rundt kongen nær. Misjonsskuleklassa på Fjellhaug 1965–1969 fekk dessutan denne forteljinga frå Øyvind Andersen gjenteke i samla klassa.

Slik eg forstår dette visste Kong Haakon ut frå det svaret han fekk på sitt spørsmål til den nye biskopen i Nidaros at biskopen ikkje trudde på Bibelen si forteljing om Jesu oppstode frå dei døde, eller det historiske i dei andre frelseskjennsgjerningane, difor viste kongen seg avvisande overfor biskop Gleditsch.

På denne måten viste gamlekongen at han, som dei 950 delegatene i Calmeyergatens Misjonshus i 1920, ikkje ville ha noko med den liberale teologien å gjera. Har kongelege og vi andre noko å læra av Kong Haakon VII? Sjå statuen hans på 7. juni plass i Oslo, høgreist og sterk!

Les også
Kongeparets bibelske reise – snakker om troen på Jesus
Les også
Det kongetro kristenfolket
Les også
En velsignet konge