Johannes Kleppa er styreleiar i Misjon Sarepta.

Sarepta vil ikkje overta Samemisjonen

Kjell Magne Hauge spør om ikkje «budet om å begjæra sin nestes eigedom burde slå inn i denne saka». Svaret er nei. Derimot bør Jesu ordre om å gå ut å gjera folk til læresveinar slå inn.

I Dagen 4. august har Kjell Magne Hauge eit nytt innlegg mot samanslåing av Samemisjonen og Misjon Sarepta. Denne gongen er det ikkje noko fokus på formelle prosessar i Samemisjonen, men eit einsidig negativt fokus på Sarepta.

Det kan vera grunn til å minna om at Samemisjonen har hatt rådsmøte. Der vart det ikkje vedteke kritikk av den formelle saksgangen i Samemisjonen i saka, men det var stort fleirtal for samanlåing med Sarepta. I Sarepta føreheld vi oss til det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hauge sin artikkel er av ein slik karakter at han ikkje inviterer til dialog, men sidan han stiller meg eit par konkret spørsmål, skal eg likevel svara. Mykje av det Hauge skriv, er innhaldsmessig vanskeleg å førehalda seg til.

Sarepta har heile tida hatt ein sunn økonomi, men ein har ikkje stor buffer i form av mykje pengar på bok. Sidan Samemisjonen tok initiativet til samanslåing, var det naturleg at dei også bar kostnadane med det, særleg sidan dei har god likviditet.

Det er ikkje rett at Centro Sarepta er «nesten uten aktivitet», men på grunn av coronasituasjonen har vi måtta stengja senteret for ein periode. Det påverkar sjølvsagt økonomien, utan det er noko dramatikk i det.

Det stemmer ikkje at Sarepta er «lystne på å overta Samemisjonen» og at «det er vanskeleg å seia nei til ein kollekt på kr. 30 millionar». Noverande Sarepta kjem aldri til å få ein slik «kollekt» av Samemisjonen, men det som er av verdiar og arbeid i begge organisasjonane vil gå inn i den samanslegne organisasjonen – om det vert samanslåing.

Sarepta har aldri teke initiativ til og arbeidar ikkje for å «overta» Samemisjonen, men Samemisjonen inviterte til samtale og etter kvart til samanslåing. Det har Sarepta takk ja til, men det er opp til Samemisjonen å avgjera om det vert noko av. Vi trur samanslåing vil tena det totale misjonsarbeidet, men vert det ikkje samanslåing, driv Sarepta vidare etter dei planane som ligg føre.

Miljøet rundt Jærtun Lutherske Friskule er ikkje «nesten identisk» med Sarepta. Rett nok er det nokre der som støttar Sarepta, men støttegrunnlaget er langt breiare enn som så.

Det er ingen ved Jærtun som har vore med i «styre og stell» i Sarepta før Ole Andreas Meling no går inn som dagleg leiar. Ein stad må jo ny dagleg leiar hentast frå, og det kan vera grunn til å gjera merksam på at vi frå same dato har tilsett Andreas Norbye som ny leiar utland, og vi har kalla Kristian Fagerli som forkynnar. Desse to har heilt anna tilknytting enn til Jærtun, og ulike bakgrunnar. Det same gjeld andre som Sarepta har kontakt med for å bruka i arbeidet.

Hauge har rett i at det er vanleg at folk rundt om på bedehusa er engasjerte i fleire kristne organisasjonar. Slik er det også for Sarepta. Dessutan er Sarepta ein så ung organisasjon at det er folk frå andre samanhengar som har engasjert seg der, ikkje omvendt. Sarepta har ikkje folk «tungt inne i Samemisjonen», men det er folk i Samemisjonen som også støttar Sarepta –noko anna ville faktisk vore nokså spesielt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå Sarepta si side har ein ingen andre planar for Nordlys eller for Samemisjonen enn det som kjem fram i intensjonsavtalen. Det føreligg ingen «velregissert plan» om å overta Nordlys, men intensjonsavtalen seier at ein samanslått organisasjon vil satsa på denne leirstaden. Når det gjeld styringa av organisasjonar, vil det føra for langt å ta det opp her.

Hauge spør om det er greit at «sareptamedlemmer med dobbelt medlemskap» skal vera med å avgjera kva som skal skje med Samemisjonen. Eg forstår spørsmålet slik at om det er greitt at folk som er medlemmar både i Samemisjonen og i Sarepta deltek i avgjerdsprosessen i begge organisasjonane.

Svaret er ja – som det ville vore greitt at folk med medlemskap både i i ImF og Samemisjonen hadde delteke i begge organisasjonane om det var desse to det var planar om samanslåing av.

Hauge spør også om ikkje «budet om å begjæra sin nestes eigedom burde slå inn i denne saka». Svaret er nei – derimot bør Jesu ordre om å gå ut å gjera folk til læresveinar, og hans oppmoding om å be Herren driva ut arbeidarar i vingarden sin, slå inn.

Les også
Under einkvar kritikk
Les også
Nedlegging av Samemisjonen?
Les også
Sammenslåing nok en gang
Les også
Sarepta overtek ikkje Samemisjonen
Les også
Samemisjon i 2020
Les også
Konflikten i Norges Samemisjon