NYE UTTRYKK: Viss me gjer det me alltid har gjort, vil me ikkje nå dei som aldri kjem. Også hos oss treng me å finna «nye uttrykk» for at folk skal finna vegen til Gud og eit kristent fellesskap, skriv dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden.

Tid for nye fellesskap

Nye friske uttrykk er nødvendige for at fleire skal koma til tru og finna eit livgivande fellesskap.

Samanhengen eg sjølv står i har ei lang historie. Mykje engasjement, mot og frimot har vore utøvd gjennom åra. Nye fellesskap vart starta og bedehus bygd som følge av folk som kom til omvending.

I dag er mange av desse bedehusa nedlagd, og fellesskapa er også borte. Eg veit ikkje korleis talet er i Noreg, men ein artikkel eg nyleg gjenoppdaga seier at antal kyrkjegjengarar i Church of England er redusert til under halvparten frå 1970 og fram til i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her har ein innsett at kyrkja treng utradisjonelle metodar for å nå britane med evangeliet. Dei kallar det for «Fresh Expressions» og det inneber å planta forsamling som ikkje liknar på dei tradisjonelle, men som er tilpassa den vanlege brite.

Så tenkjer eg korleis me kan starta forsamlingar som er tilpassa den norske kvinne og mann, og den norske familie? Dette er det mange som har tenkt før meg. Like fullt trur eg me må snakka om det meir og oftare for at tankegong skal setja seg hos den enkelte.

Misjon er ikkje ein aktivitet me gjer,- det er ein integrert del av oss og samanhengen me står i. Det er viktig at me kommuniserer evangeliet i vår eigen kulturelle og lokale kontekst.

Kanskje har me tapt generasjonar fordi me ikkje har klart å kommunisera slik at folk klarar å relatera bodskapen?

Mange er leie seg for at barn og barnebarn ikkje er med i det kristne fellesskapet. Det er i seg sjølv ein stor motivasjon til å ynskja endring, heller enn å tenkja at «dette nye» er ein trussel for oss og det som er. Mange finn aldri vegen til eit kristent fellesskap.

Ofte tenkjer me at folk må komma til oss, og finna sin plass der. Viss me gjer det me alltid har gjort, vil me ikkje nå dei som aldri kjem. Også hos oss treng me å finna «nye uttrykk» for at folk skal finna vegen til Gud og eit kristent fellesskap.

Det er så utruleg mange moglegheiter rundt oss. Så mange menneske som både ynskjer eit kristent fellesskap å høyra til, som er søkjande, men som ikkje føler at dei passar inn i det eksisterande.

Kven vil gå, kven vil bli sendt til desse? Kva interesser har du? Kan dei brukast til noko for å kopla på andre menneske og med tida bli til eit kristent fellesskap? I den nevnte artikkelen vert det fortalt om ei metodistkyrkje i Sør-England på randen til å døy ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då eit par i slutten av tenåra slutta seg til det vesle fellesskapet, minna Den Heilage Ande om at dei skulle bygga kyrkje for surfarar, sidan kyrkja låg ved stranda.

Forsamlingslokalet vart gjort om til kafè. Kyrkja tiltrakk seg surfarar, men også mange fleire som budde i området. Forsamlinga forkynte om Jesus og fleire kom til tru.

Den nevnte artikkelen stod i Velsignet helg i Dagen 25. januar 2014. Ein pensjonert misjonsvenn kom innom kontoret for fleire år sidan med den, og meinte dette var aktuelt for meg å lesa.

Framleis er tema i artikkelen høgaktuell. Den gav meg nye tankar og håp og tru for framtida. Nye friske uttrykk er nødvendige for at fleire skal koma til tru og finna eit livgivande fellesskap.