ISRAELER: I vinter sa Ordførar Raed Dakka i den arabiske byen Baqa al-Gharbiya at dei heller vil bu i Israel enn i ein palestinsk stat.

Israels rett til det gamle mandatet

Det er feil å seia at Israel vil annektera deler av Vestbreidden. Dei tar tilbake suverenitet over område som med rette tilhøyrer dei.

Under overskrifta «Solidaritet med vår lutherske søsterkirke i Det hellige land» uttrykkjer biskopane Atle Sommerfeldt og Herborg Finnset i Dagen 30. juni uro for kva som vil skje om Israelske styresmakter erklærer suverenitet over område i Judea og Samaria.

Overraskande nok gjev redaktør Vebjørn Selbekk uttrykk for noko av den same uroa i leiaren i «Dagen» den 18. juli, men med meir vekt på kva uheldige konsekvensar det kan få for Israel enn det som biskopane gjev uttrykk for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Desse områda har Israel rettmessig krav på i følgje oppgjeret etter første verdskrigen. Då vart folkerett etablert for fleire land i Midt-Austen, deriblant jødane sin «jødiske nasjonalheim» som vart staten Israel i 1948.

Det har vore mange vedtak i FN og andre fora i ettertid som har gått imot Israel sin rett til alt land mellom Jordan og Mellomhavet, men folkeretten frå 1922 er ikkje endra.

Fredsavtalen mellom Jordan og Israel frå 1994, då Jordan fråskreiv seg retten til det som Israel tok tilbake i 1967, sette og vestgrensa til Jordan langs Jordanelva.

Redaktør Selbekk peikar på at Israel vil få ein større arabisk folkesetnad med innleming av deler av Vestbreidden (Judea og Samaria) i staten Israel. Han meiner at dei må få tilbod om israelsk statsborgarskap.

Dei leiande allierte stormaktene etter den første verdskrigen (Storbritannia, Frankrike, Italia og Japan) var tydelegvis klåre over det problematiske i dette då dei samlast i San Remo 1920/1922 til ei oppfølgjing av fredskonferansen i Paris i 1919.

Det vart bestemt at jødane skulle få ein «nasjonal heim» i Palestina, noko som må tyda ein jødisk stat. Dette vert endå klårare ved ei presisering av at «ingen ting måtte bli gjort som kunne skada dei sivile og religiøse rettane til eksistrande ikje-jødiske samfunn i Palestina». (Mi omsetjing frå San Remo-konferansen 1922)

Dette dokumentet vart godkjent av Rådet i Folkesambandet med 51 statar som representerte det internasjonale samfunnet av nasjonar på den tida. Mandatet over Palestina vart gjeve til Storbritannia som skulle oppmuntra til «tett busetnad av jødar i landet», og då er det meint alt land mellom Jordanelva og Mellomhavet.

Det vert vist til den historiske tilknytinga det jødiske folket har til Palestina, og dokumentet brukar uttrykket «reconstituting their national home», som vel tyder «gjenn-oppretting …».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er feil å seia at Israel vil annektera deler av Vestbreidden. Dei tar tilbake suverenitet over område som med rette tilhøyrer dei.

Og det må vera ein jødisk stat styrt av jødar, men med sivile og religiøse rettar til ikkje-jødiske samfunn i landet slik som dokumentet frå San Remo førskriv. Arabarane har sine islamske statar. Der er det vanskeleg for jødar å å leva fritt og nyta aksepterte menneskerettar. Då må jødane ha sin jødiske stat.

Dei palestina-arabarane som ikkje kan leva i ein slik stat, er det rikeleg plass til i dei 21 arabiske statane som alt finst i Midt-Austen og Nord-Afrika. I Israel er styremaktene flinke til å gje minoritetar dei rettane som me tar for sjølvsagde. Det kan rettnok vera vanskar for kristen misjon.

Men det finst ein grunn til at det kanskje ikkje er så klokt av Israel å utvida sin suverenitet til deler av Judea og Samaria: Det kan virka som om dei fråskriv seg retten til resten av Vestbreidden og Gaza. Men dette er det opp til israelske styremakter å vurdera.

Som bibeltruande kristne veit me at jødane skal få koma heim att til landet Israel og ta det i eige. Det har dei lovnad om frå Israels Gud.

Kva tid og korleis grensene skal verta, veit me ikkje. Men me veit at dei fekk alt land mellom Jordanelva og Mellomhavet etter internasjonal rett i San Remo 1920/22. Det bør og folk som ikkje trur på Bibelen, merka seg.

Spørjeundersøkjingar dei seinare åra har vist at eit stort fleirtal av palestina-arabarane som bur i Israel, føretrekkjer å bu der i framtida framfor å bu i eit arabisk diktatur. Det er liten grunn til å trui at ein eventuell palestinsk stat vil bli eit sunt demokrati.

Seinast i vinter sa Ordførar Raed Dakka i den arabiske byen Baqa al-Gharbiya, med 30.000 ibuarar sør for Haifa i Israel, at dei heller vil bu i Israel enn i ein palestinsk stat, og det gjeld særleg dei unge. (Dagen 14.02.20)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Solidaritet med vår lutherske søsterkirke i Det hellige land!
Les også
Konsekvensene av annektering