«Om enn eg trur Raudt (her ved
...
«Om enn eg trur Raudt (her ved partileiar Bjørnar Moxnes) har sine store feil, trur eg likevel partiet har mykje rett i samfunnsdiagnosen om at folk og natur stadig blir undertrykte av pengemakta sin grådige natur», skriv Vidar Sætre. Foto: Tore Meek, NTB scanpix
debatt
Journalistisk skrap
Del
Med denne leiaren svekkar Dagen omdømmet sitt som ein seriøs politisk kommentator.

29/6 vitja Dagens leiar partiet Raudt, med overskrifta «Politiske skraphandlere på vei mot makt». For redaktøren ser kun negative frukter av marxismen: samfunnshavari, hat, krig og fattigdom.

Men han unnlet å argumentera skikkeleg for desse sterke påstandane. Istaden får me servert karakteristikkar: «hører hjemme på historiens skraphaug», «politisk søppel», «lik i skapet» og «grundig forfeilede politiske ideer».

Det kan difor sjå ut til at redaktøren mest vil spela på fordommane som mange av Dagen sine lesarar har mot den radikale venstresida, istadenfor å levera ein grundig og seriøs analyse av Raudt sin politikk.

Journalistikken si oppgåva må vera å opplysa lesarane basert på sann informasjon. Men redaktøren refererer ikkje eingong til det programmet han meiner er partiet sitt svake punkt, noko han sjølvsagt bør gjera viss han på sakleg vis vil overtyda om at kritikken er sann.

Eg har lese prinsipp-programmet om partiet sine hovudsaker, og fann bodskapen om rettferd og fridom for folkemassane ved å frigjera seg frå kapitalismen sin utbyttande natur; for å fjerna gapet mellom rike og fattige, mellom mektige og undertrykte, for å skapa eit sosialistisk samfunn i harmoni med naturen sine tålegrenser.

Og dette er emne som slett ikkje må kastast på skraphaugen. Om enn eg trur Raudt har sine store feil, trur eg likevel partiet har mykje rett i samfunnsdiagnosen om at folk og natur stadig blir undertrykte av pengemakta sin grådige natur.

For Jesus peika på Mammon som den store avguden (Matt 6:24-25), og noverande kapitalistiske system oppmuntrar til profittmaksimering og overforbruk. I Sal 103:6 står det at Gud gjev rett til alle undertrykte, slik at denne venstresida si hjartesak også er ei Guds hjartesak.

Leiaren hevdar òg at Raudt medvite vil underkommunisera trua si på Marx sine idear. Men i partiprogrammet les eg at marxistisk teori alltid må prøvast mot praksis, og dette viser meg at partiet i alle fall er oppmerksam på Marx-inspirerte regime sine historiske feil.

Dagens redaktør bør heller etterlysa ein tilsvarande ordlyd i KrF og PDK sine program, grunna den einsidig positive framstillinga der av «kristne» verdiar - trass i både inkvisisjon og andre alvorlege overgrep i kyrkjehistoria.

Med denne leiaren svekkar Dagen omdømmet sitt som ein seriøs politisk kommentator. Redaktøren bør ikkje oversjå risikoen for at det istaden er Dagen som hamnar på skraphaugen.

bjørnar moxnes,rødt,vebjørn selbekk,debatt,vidar sætre,kommunisme,karl marx