2018: Daværende fylkesleder Dag Sele leverer stemme under ekstraordinært fylkesårsmøte i Hordaland KrF.

Uforståeleg forklaring

Etter mitt syn har Hareide hovudansvaret og Sele derfor eit stort medansvar for at KrF gjekk inn i regjeringa Solberg i 2019.

Tidlegare fylkesleiar og sentralstyremedlem Dag Sele har meldt seg ut av KrF. Forklaringa han gir er regjeringssamarbeidet generelt og handteringa av saka om å hente barn frå Morialeiren spesielt.

Det er forståeleg at partileiinga ikkje har kommentert utmeldinga. Årsaksforklaringa til Sele er derimot uforståeleg. I det ekstraordinære landsmøtet var det ikkje primært eit fleirtal for ei regjeringsdeltaking med H/Frp/V.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heller ikkje om landsmøtet hadde hatt ei meir representativ samansetjing. Fleirtalet i sentralstyret hadde derimot fått pressa gjennom ei avrøystingsrekkefølgje som måtte ende opp med eit sideval i politikken.

Og der det naturlege kompromisset, å bli der ein var i opposisjon, og det som var lova veljarane, blei sett på som det mest ytterleggåande.

Eg har tidlegare, i stykket «Om å falle for eige grep», analysert kva motiv partileiar Knut Arild Hareide kunne ha for å medverke til eit så sjølvmotseiande resultat.

Framleis står eg på at Hareides plan B må ha vore å snu fleirtalet i sentralstyret, etter fyrst å ha fått eit nødvendig landsmøtevedtak på at KrF ikkje lenger kunne stå utanfor regjering.

Etter mitt syn har Hareide hovudansvaret og Sele derfor eit stort medansvar for at KrF gjekk inn i regjeringa Solberg i 2019.

Så kjem det nesten like uforståelege: Sele må tydelegvis meine at om KrF nå hadde vore del av den regjeringa han ønska seg, saman med Ap og Sp, ville barna i Morialeiren vore i ein heilt annan situasjon.

Går det verkeleg an å forstå norsk politikk på denne måten?

Les også
Kjære KrF! Det er ikkje meg, det er deg
Les også
Eg blir meir og meir forundra over kristenfolket i Norge