«Eg er svært takksam for den tida eg fekk vere på Nappane og gleder meg over at eg også i periodar skal få vere med å arbeide for denne gode saka i Tafjord», skriver Jorunn Sæle 
Bjørkhaug. Bildet viser Fjordheim gjestegård i Tafjord, som blir benyttet av Rusomsorg Vest. Foto: Arkiv

Herren gjer under gjennom Rusomsorg Vest

Eg har aldri opplevd at bebuarar ved Nappane har vorte misbrukt som arbeidskraft.

Eg fekk lyst å skrive litt om mi erfaring av å arbeide på Nappane, Rusomsorg Vest. Frå mars 2014 fram til Nappane vart lagt ned hausten 2018, arbeidde eg der i deltidsstilling som psykiatrisk sjukepleiar.

I denne tida fekk eg fylgje tett gutar som kom til oss, nokre var slitne og tynne, andre med abstinensar og indre uro etter lang tid i rushelvete. Det var menn frå inn-og utland. Nesten ingen fekk dekning gjennom NAV, og menn frå utlandet hadde ofte ikkje noko inntekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tankane går til to flotte menn som eg vart kjend med i starten av mitt arbeidsforhold på Nappane. Begge klarte å avslutta LAR-behandlinga, og er i dag heilt fri og lever gode liv! Minna strøymer på!

Lukas frå Tsjekkia ringte ein dag med desperasjon i stemma, han hadde prøvd å ta livet sitt, hadde mista jobben, levde på gata og var avhengig av narkotika. Han kom til oss nokre dagar seinare. Gud greip inn i livet hans og det forandra alt.

I fjor reiste han til heimlandet for å gjere opp for væpna ran som han hadde gjort fleire år tidlegare. Han var klar for å ta straffa, men vart sett fri nokre dagar etter at han hadde tilstått. Politiet hadde ikkje opplevd slikt tidlegare!

Lukas er tilbake i Noreg og ynskjer å tene Herren med livet sitt, for tida i Tafjord. (Lukas har samtykka i at identitetens hans vert kjend)

I Rusomsorg Vest legg vi vekt på sosial trening. Dette gjennom måltidsfellesskap og samlingar om Guds ord og elles samtalar gjennom dagen i samband med m.a. arbeidstrening.

Eg har aldri opplevd at bebuarar ved Nappane har vorte misbrukt som arbeidskraft! Eg kan heller ikkje forstå at drifta der var uforsvarleg. Om Steinar Valdersnes vil eg bruke ord frå Nehemja 7:2b: Han er ein mann med integritet og meir gudfryktig enn dei fleste!

Eg er svært takksam for den tida eg fekk vere på Nappane og gleder meg over at eg også i periodar skal få vere med å arbeide for denne gode saka i Tafjord! Igjen til Nehemja 2:20 Eg svara dei: Himmelens Gud vil la oss lukkast. Vi, tenarane hans, skal gå i gang (halde fram) med å byggja.

Gud velsigne alle som støttar kristen rusomsorg.