Nokre ord på overtid

Eg meiner å ha registrert, i referat frå bibelgrupper og samtalar menneske imellom, at kvar ny runde som koplar Guds rettferd og livets to utgangar og den «urimelege» samanhengen mellom dei nettopp forsterkar uviljen mot å forkynna og kalla til omvending.

Frå tid til anna dukkar debattar som «kva med dei andre?» opp, slik det også skjedde i vår og sommar. Biskop Halvor si bok er skriven i ein varm og sjelesørgerisk tone, der ord som «ærleg» gjerne har gått att i debatten etterpå.

Refleksjonane nedanfor har ingen brodd mot boka eller intensjonen bak. Men i skrivande stund kjenner eg på den same ulysta som eg gjorde då Per Lønning for over 30 år sidan skreiv om det same. For han var det eit innlegg for Guds makt og vilje at det var vanskeleg å tenkja seg at han skulle tapa for djevelen i kampen om menneskesjelene også reint numerisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alle skjønar at temaet vekkjer ubehag. Samtidig må sjølvsagt alle bøker i systematisk teologi sveipa innom problemstillinga. Men særleg etter den siste runden har eg grubla på kva uviljen min mot å ta i problematikken botnar i prinsipielt sett. Eg dristar meg til å dela mine foreløpige svar med lesaren.

Det første punktet mitt er at vi står på heilag grunn. Skorne må av. Kva betyr Paulus sine ord: -Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans dommar er, og kor ufattelege hans vegar! inn i denne konteksten? Det aller minste det må bety, er at vi legg revisorhaldninga frå oss. Hans tankar er høgre enn våre tankar.

Det andre punktet mitt er at vi bør tvila på vårt eige innsteg og vår eigen motivasjon for å gå inn i det teologiske spørsmålet. Er det eigentleg «dei andre» som ikkje har hatt anledning til å ta imot Jesus og trua, som uroar oss? Er det ikkje mykje heller dei hos oss i familie, bygd og samfunn som har hatt både eitt og mange utfordringar til å ta imot evangeliet, men som likevel ikkje gjer det, som er vår største uro?

Eg hugsar kva inntrykk det gjorde å lesa om dei første svenske misjonærane i Eritrea. Driven av misjonsiver og -kall kunne dei frivillig forsaka dei i våre auge mest vanvittige ting. Ei ung kvinne fjerna alle tennene før utreise og fekk gebiss i staden. Ho visste kva følgjer det kunne ha å bli sjuk i eit samfunn utan helsevesen. Altså: Er det misjonsiver som driv oss? Logisk sett skulle vår omsut for «dei andre» nettopp føra til at i alle fall vi gjer det vi kan for dei i dette livet.

Men ærleg tala: Det ser ut til at det eksistensielle spørsmålet berre veks seg større di meir det minkar på misjonsiveren.

Det fører over til det tredje punktet: Det retoriske spørsmålet om kva som i denne samanhengen er «rettferdig», leier tankane våre på ville vegar. Frelsa dreier seg nettopp ikkje om kva som er rettferdig. Då var vi alle fortapte. Like ugrunneleg som det er at Gud kjenner den rettferdig som trur, er det å føra inn spørsmålet om rettferd her. Folk flest vil jo meina at det ikkje er «rettferdig» at gode nordmenn er utanfor Guds nåde.

Derfor får samtalen om dette spørsmålet raskt eit drag av lovisk kristendom over seg. Men det er ikkje slik Gud frelser. Han er heilag punktum. Han er rettferdig punktum. Han er samstundes nådig, kjærleg og rettferdig. «Gud» er eit reknestykke som ikkje går opp – aller minst i våre tankar.

Eg meiner å ha registrert, i referat frå bibelgrupper og samtalar menneske imellom, at kvar ny runde som koplar Guds rettferd og livets to utgangar og den «urimelege» samanhengen mellom dei nettopp forsterkar uviljen mot å forkynna og kalla til omvending.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det skulle vera motsett!

Les også
Blir alle frelst til sist?
Les også
Dokumentasjon etterlyses