1994: Nei til EU-leder Kristen Nygaard, stortingsrepresentant Anita Apelthun Sæle (KrF), Senterpartiets leder, Anne Enger Lahnstein, og lederen for Kristelig Folkeparti, Kjell Magne Bondevik, leder an i fakkeltoget mot norsk medlemskap i EU. Demonstrasjonen samlet over 25.000 deltakere.

KrF og EØS-avtala

Skal eg måtte oppleva at det er mitt eige parti som undergrev det vernet som ligg i EØS-avtala?

For mindre enn eitt år sidan vart 25-årsmarkeringa for nei-seieren i folkeavstemminga om EU-medlemskap i 1994 feira på ei stor tilstelling i Oslo. Mellom andre framståande nei-folk som til dømes Anne Enger og Jan Davidsen, var òg Kjell Magne Bondevik til stades og markerte breidda i EU-motstanden mellom EØS-motstandarar og EØS-tilhengjarar. Kristelig Folkeparti var då som no ein sjølvsagt del av nei-alliansen.

KrF valde etter mykje debatt å støtta EØS-avtalen som alternativ til EU-medlemskap. Eit stort mindretal i partiet var i tvil om avtalen var den sikringa vi trengte for å halda Noreg utanfor EU. Fleirtalet var trygg på at ho var det. Slik vart EØS lansert som eit fornuftig kompromiss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg hugsar godt grunngjevinga: Vi hadde vetorett mot nye direktiv og det såkalla topilarsystemet gav tryggleik for at Noreg berre ville avstå suverenitet til EFTA, aldri direkte til EU-organ. Det gav ekstra tryggleik for sjølvstendet at alle EFTA-landa òg måtte vere samde.

Difor kunne Kåre Gjønnes i stortingsdebatten om EØS-avtalen 15. oktober 1992 seia: «Jeg vil ved denne korsvei si som mange andre, ikke minst fra arbeiderbevegelsen: Stopp med EØS-avtalen! Send ingen EF-søknad!»

Kjell Magne Bondevik følgde opp med ein replikk til statsminister Gro Harlem Brundtland: «Ifølge Dagsrevyen i TV i går ville Arbeiderpartiet bruke EØS-avtalen som brekkstang for EF-medlemskap. Men jeg regner med at Arbeiderpartiet og statsministeren står ved det som står i innstillingen, og som statsministeren for så vidt også bekreftet i dag, at EØS-avtalen er et selvstendig alternativ.»

Eit sjølvstendig alternativ, altså. EØS-avtala skulle ikkje vere eit venterom for EU-medlemskap, slik Høgre og Arbeidarpartiet ville. Då fleirtalet i KrF gjekk for EØS-avtalen, var det fordi partiet meinte dette var det sikraste, ja, det einaste, mulege og varige stengslet mot norsk EU-medlemskap.

Eg sto sjølv for eit slikt syn i ei årrekke. Vi er mange i KrF som har stolt på at EØS-konstruksjonen gav nødvendig suverenitetsvern. Utviklinga dei seinare åra med mange nye EU-byrå, har utfordra denne konstruksjonen og dermed òg suverenitetsvernet.

Eg er stolt over at partiet mitt har verna om Grunnlova og dei krava ho stiller for overføring av myndigheit til overnasjonale organ. Det såg vi sist i debatten om Acer i 2018, då KrF ville be Høgsterett sjå på om den føreslegne framgangsmåten for maktoverføring til EU sitt energibyrå var lovleg, slik Grunnloven § 83 gjev høve til eller om Stortinget måtte ha ¾ fleirtal for gyldig godkjenning. Dessverre fekk framlegget ikkje nødvendig oppslutning. Men vårt og mitt parti kjempar for prinsippa.

Eg er på andre sida ikkje stolt over partiet si handtering av ei anna sak av liknande slag, om overføring av myndigheit til EU sitt jernbanebyrå (ERA). Faktisk er eg fortvila og vonbroten over at ei regjering der KrF tar del, og der partiet no har Knut Arild Hareide som samferdsleminister, legg fram ein lov- og samtykkeproposisjon som tilsideset ikkje berre Grunnlova sitt krav om tre fjerdedels fleirtal, men òg sjølve intensjonen og premisset for EØS-avtala med topilargrunnlaget.

Skal eg oppleva at det er mitt eige parti som undergrev det vernet som ligg i EØS-konstruksjonen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette handlar ikkje om konkurranse eller ikkje på jernbanen, der ligg jernbanereformen alt på plass. Dette handlar om å visa Grunnlova og EØS-avtala respekt. Grunnlova forbyr Noreg å overføra suverenitet til internasjonale organ der vi ikkje er med, og særskilt om overformynderiet er meir enn lite inngripande, som i dette høvet (jf. betenkning frå professor Christoffer Conrad Eriksen).

Det som skjer no, er på sett og vis verre enn handsaminga av Acer-saka, der ein konstruerte ei form for forfatningsmessig legitimitet ved at EUs byråvedtak må gå via EØS-tilsynet ESA for å få verknad i Noreg. No tar Regjeringa eit kvalitativt nytt steg ved å overføra myndigheit direkte til EU sitt jernbanebyrå, heilt utan å gå «omvegen» om ESA og EFTA. Og ved usemje er det i siste omgang EU-domstolen som avgjer.

Lojaliteten til eit regjeringsprosjekt må ikkje la partiet hive moral og prinsipp over bord. Det er enno ikkje for seint å snu, Knut Arild. Eg ber deg og partileiinga om å tenkje ein gong til – for EU-motstanden, for Grunnlova og for EØS-avtalen si skuld.