Sarepta overtek ikkje Samemisjonen

Eg viser til min gode ven Jon Teigen sitt innlegg i Dagen 1/7, «Nedlegging av Samemisjonen?».

Det meste Teigen skriv går på Samemisjonen og den interne debatten der om vegen vidare for denne organisasjonen, som er i ein vanskeleg situasjon. Eg skal ikkje gå inn på dei interne forholda, men eg vil kommentera to ting som gjeld Misjon Sarepta.

Teigen hevdar at leiarane i Samemisjonen vil «gi vår pengesekk på cirka 30 millioner kroner til den unge organisasjonen Sarepta, og at de på den måten vil videreføre arbeidet blant samene i Norge og på Kola». Dette har både Teigen og andre hevda fleire gonger, men det vert ikkje rettar om det vert teke oppatt aldri så mange gonger.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg reagerer nokså sterkt på denne framstillinga, som er i strid med det som står i intensjonsavtalen. Det er ikkje berre å gjera leiinga i Samemisjonen urett, men også ein urett overfor Sarepta. Sarepta «får» ikkje Samemisjonen sin pengesekk. Sarepta «overtek» heller ikkje Samemisjonens arbeid.

Det er den samanslått organisasjonen som skal disponera pengar og andre verdiar som noverande Samemisjon og noverande Sarepta har, og det er den samanslåtte organisasjonen som skal driva begge organisasjonane sitt arbeid vidare og utvikla dette. Rett nok skal det skje under Sarepta sitt namn og ut frå Sarepta sin organisasjonsstruktur. Etter ei eventuell samanslåing vil Misjon Sarepta ha ei delvis ny styresamansetting, og det vil vera folk få begge noverande organisasjonar som driv arbeidet og styrer arbeidet.

Til fleire av dei som er aktive i noverande Samemisjonen som vert med i den samanslått organisasjonen, til meir vil desse kunna prega arbeidet.

Så spør Teigen: «Er det noen som tror at Sarepta vil greie å samle inn over 5 millioner med sine få reisepredikanter?» Ja, underteikna, som er formann i Misjon Sarepta, trur det! Gåvebudsjettet for inneverande år er på knapt fire millioner kroner, men eg trur det vert meir. Sarepta utvidar for tida arbeidet både i Spania og i Norden, og vil gjera det enda meir i 2021 særleg i Norden.

Vi har tilsett nye medarbeidarar, og vi arbeider stadig med å få fleire forkynnarar, både lønna og ulønna. Eg veit sjølvsagt ikkje om gåveinntektene i 2021 passerer fem millioner kroner, men det vil ikkje overraska meg om så skjer.

Misjon Sarepta er ikkje så liten som nokon framstiller det og synest å tru, men det er ikkje storleiken som er saka. Poenget er at både Samemisjonen og Sarepta sitt kallsoppdrag vert ført vidare og utvikla, og det får vi be om må skje.

Les også
Nedlegging av Samemisjonen?