Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen, NTB scanpix

Eg blir meir og meir forundra over kristenfolket i Norge

Det er mi daglege bøn at KrF framleis kan bli eit reiskap til å løfte fram slike utfordringar i folket vårt.

I Dagen for 25. juni finn vi to innlegg som gir grunn til undring.

Det eine frå Randi Karlstrøm som gjeld forvaltning av fiskerikvotar med meir. Det andre frå Dag Sele som går på barn frå Moria-leiren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Begge to vil på grunn av at dei ikkje er nøgd med KrF sitt standpunkt og framdrift melde seg ut av partiet.

No er det vel slik at det for dei fleste av oss kan det vere saker der ein er usamd med standpunkt og framdrift. Gjennom eit langt liv i politikken har eg opplevd dette.

Når det er sagt så må eg få melde at eg blir meir og meir forundra over kristenfolket i Norge. Ser ikkje dei kristne korleis samfunnsfundamentet smuldrar opp?

Det går på fleire saksfelt. Vi kan tenkje på kristendomsopplæringa i skulen. Opplæringa her blir meir og meir uttynna. Situasjonen har blitt at mange unge i dag går ut av grunnskulen utan å vite kven Jesus er.

Situasjonen går ikkje minst på det som gjeld livsrett og menneskeverd. Gud er livets skapar og oppretthaldar. No leikar politikarane Gud!

Velferd og komfort skal ha forkøyrsrett framfor det ufødde barnet, og dei som blir fødde med lekamleg «feil.» Kan vi sjå for oss dei konsekvensar dette vil få for komande tider?

Vi kan også nemne Guds jordiske paktsfolk Israel. Biskopar og andre med leiaransvar set strek over Guds Ord for det Ordet har tala om Israels framtid og Guds vilje. Som ei frukt av dette veks antisemittisme og jødehat mellom folket.

Eg ser med stor uro på framtida for dem oppveksande slekt dersom ikkje kursen blir endra. Det er mi daglege bøn at KrF framleis kan bli eit reiskap til å løfte fram slike utfordringar i folket vårt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men skal dette lukkast må partiet bli sterkare og få gjennomslag. Derfor må også kristenfolket vakne.

Les også
Kjære KrF! Det er ikkje meg, det er deg
Les også
Jeg kan ikke lenger leve med mitt medlemskap i KrF