RUSREFORM: Eg trur me må kunne hjelpe dei som slit med rus i staden for å straffe, men samtidig ha politikk som handterer desse farlege illegale stoffa betre, skriv Torkel Bjuland.

Rusreforma bør ikkje gjere narkotika greit

Rusreforma vil i praksis bli ein politikk som gjer at narkotika blir greit.

Det at ein skal kunne få lov å «ha ein berepose» med farlege stoff som MDMA, kokain utan å bli straffa, er for meg heilt feil.

Rusreforma er eit forslag til ei betydeleg endring i lovverket, der prinsippet er at personar som slit med rus skal få hjelp og ikkje straff. I rusreforma legg ein til rette for samtalar og andre helsetiltak i staden for straff dersom ein oppdagar at nokon driv med ulovlege rusmidlar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Problemet er at det ikkje får konsekvensar om dei ikkje møter opp på føreslegne samtalar. Dermed blir det heller ingen konsekvensar for bruken av desse farlege stoffa. For at eit forbod mot narkotika skal vere reelt, må det få følgjer. Det har også politidirektør Benedicte Bjørnland uttalt i ein kronikk til NRK 16. desember 2019.

Eit reelt forbod er viktig. Det gjedv tryggleik for dei unge. Det gjev tryggleik at ein har lova og samfunnet sine grenser bak seg i det å kunne seie eit truverdig «nei» dersom ein får tilbod om narkotika.

Normene i Noreg blir påverka av kva som er lov og ikkje. I dette tilfellet vil det bety at samfunnet vil få ein større aksept for narkotika, sidan det i praksis er lovleg og ikkje får konsekvensar. Større aksept for rusmiddel vil føre til eit auka forbruk.

Eg trur me må kunne hjelpe dei som slit med rus i staden for å straffe, men samtidig ha ein politikk som handterer desse farlege illegale stoffa betre. Samfunnet skal ta best mogleg vare på innbyggjarane.

Då må me ha tiltak som verna mot skadelege stoff, som hjelper dei som allereie er avhengige og signaliserer kvifor det er feil å bruke slike stoff.

Viss rusreforma blir vedtatt, får politiet mindre handlingsrom til å handtere ulovlege rusmiddel. Dei vil ha mykje vanskelegare for å fange opp bruken, og dei vil ikkje kunne gjere noko skikkeleg med det viss det blir fanga opp.

Med rusreforma blir narkotika meir akseptert og greit, og i tillegg misser me all kontrollen over desse farlege stoffa når politiet får så lite handlingsrom.

Eg meiner at me aldri må koma dit at Noregs lovverk ikkje har konsekvensar dersom ein har på seg eller brukar narkotika. Då er ikkje forbodet mot narkotika reelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ungdom treng eit reelt forbod mot narkotika, på grunn av vernet det gir. Fjernar me alle konsekvensar og gjer at narkotika i praksis blir lovleg, misser lova si normative kraft.

Det fører til auka aksept, og med det blir det større forbruk av desse farlege stoffa. Det gir også mindre handlingsrom til politiet, som ikkje misser kontrollen kontroll over skadelege stoff.