TENESTE: Dette handlar om kven
...
TENESTE: Dette handlar om kven Gud vel ut til bestemte tenester, skriv innsendaren. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix
debatt
Lite sakleg om likestilling
Del
I lys av likeverdet bør me også sjå på kva tenester som menn helst bør overlata til kvinner.

I fem lange innlegg; 10/3, 16/3, 26/3, 6/4 og 16/4, har Oddvar Søvik argumentert mot at mannen skal vera hovud for kvinna i kyrkjelydane. Men forutan å tolka bibeltekstar, brukar han også l­ikestillingskonservative sitt ja til å eta blod, motstand mot å smykka seg eller fridom til å ikkje tildekka hovudet – forutan ­dobbeltmoral (kvinner i hyrdefunksjonar trass i offisiell motstand) og visse jødiske bøner, som argument mot det konservative synet. Men dette er samanblanding av «snørr og bart»!

Og han raljerer over Paulus sin tale mot langt hår for menn, men overser samtidig at Paulus i 1. Kor 11:11-16 ser på både hårlengd og tildekking av hovudet som underordna spørsmål.

Vidare er tilsvaret hans 16/4 mot Gunnar Johnstad 24/3 mest ei markering av at han er usamd - inga sakleg tilbakevisning. For det ser ut til at Søvik kun tek omsyn til likesinna forskarar, og at han elles ikkje bryr seg om Johnstad sine ord om at rekonstruksjonar av historisk og sosiokulturell bakgrunn er usikre og til dels motseier kvarandre.

16/4 hevda han òg - ut frå Ef 2:18-19, at kyrkja ikkje treng andre fedrar enn Gud Fader. Men verset etterpå om Kristus som hjørnestein og apostel- og profetgrunnvollen, viser at også menneske som fedrar var viktig i Paulus sin teologi.

Og støtta hans til kjønnrollerordning i biologiske familiar, men ikkje i kyrkjelydane, er røyndomsfjern. For normalt er det meir krevande å styra store møte og organisasjonar enn å styra ein liten familie - trass i at ein i sistnevnte som regel bur saman heile tida. Elles har «husfaren» ei sentral rolle i 2. Mos 12, og dette bør kunna overførast til små kyrkjelydar.

26/3 argumenterte han for å omsetja adelfos med «søsken», men dette kjønnsnøytrale ordet undergrev den klare bodskapen i både GT og NT om utveljinga av mannen framføre kvinna. I lys av Jesu ordval i Matt 12:50 bør me heller omsetja med «brør og søstre».

Vidare fekk John Arve Hjellvik 11/3 kritikk 6/4 for sitt syn om at opprøret i 4. Mos 16 er eit opprør mot ei Guds ordning; mot det spesielle presteembetet. Søvik sin logikk var at det er feil å setja levittar og prestar opp mot kvarandre. Men det var kun Aron og hans ætt som kunne vera prestar, der 4. Mos 18 viser arbeidsfordelinga mellom prestar og levittar. Og i v. 9-11 er Moses tydeleg på at dei levittiske opprørarane reiser seg mot Herren.

Fordi dette handlar om kven Gud vel ut til bestemte tenester, har dette stor relevans for likestillingsdebatten, og det er difor urett å kritisera Hjellvik. Men Søvik ser relevans der den ikkje finst; om kven som utan å vera spesifikt kalla, var i Jesu følgje, om kven som først vitna om oppstoda eller som vitna i sin samaritanske heimby.

Elles viser eg til Axel Saxe sine arrestasjonar 30/3 og 17/4 av andre av Søvik sine usaklege påstandar. Ikkje ein einaste plass i denne debatten har eg sett gode argument for likestilling, kun dårlege argument; at nokre kvinner klart har nådegåver eller kall frå Gud til hyrdetenester - eller at Apostelgjerningane skal vera ein normativ modell, slik John Daniel Andersen og Åse-Miriam Smidsrød hevda 12/2. For «Andens kall» og «nådegåver» er reint subjektive vurderingar, og i Apgj 2:45 står det at dei nye læresveinane selde eigedomar. Men i lys av at «heilage» i Jerusalem ei tid etter trengte økonomisk bistand (Rom 15:26, 1. Kor 16:1-3), var det neppe lurt å kvitta seg med desse eigedomane.

Til slutt; me treng også ein debatt om kva tenester som eignar seg best for kvinner. For i lys av likeverdet bør me også sjå på kva tenester som menn helst bør overlata til kvinner.

debatt,tjenestedeling,alex saxe,arne hjellvik,gunnar johnstad,vidar sætre