UTAN STØTTE: Mange artistar/lå
...
UTAN STØTTE: Mange artistar/låtskrivarar i Noreg skriv tekstar med ein kristen bodskap. Fleire av dei gir ut musikk, men få om nokon gjer det med offentleg økonomisk støtte. Foto: Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Debatt
Kvifor blir ikkje religiøse prosjekt støtta?
Del
Når eg som kristen artist leitar etter potensielle sponsorar til mine prosjekt treff eg ofte på informasjon om at ein berre vil yte økonomisk støtte til politisk og livssynsnøytrale prosjekt.

Når eg som kristen artist leitar etter potensielle sponsorar til mine prosjekt treff eg ofte på informasjon om at ein berre vil yte økonomisk støtte til politisk og livssynsnøytrale prosjekt.

Problemet med dette er at ei slik haldning ikkje er livssynsnøytral. Ein har då på førehand tatt stilling til og definert kva som er betre enn noko anna og kven som ikkje har rett til økonomisk støtte. Alle kan sjå at det ligg ein ideologi bak, men spørsmålet er om den er avgrensande og/eller diskriminerande for ei gruppe menneske i samfunnet?

Eg har halde på med eigenkomponert musikk i godt over 30 år. Det har blitt fleire album, to med bandet Skrent, samt EP, fleire singlar og nytt album under eige namn hausten 2019.

Måten eg har klart å finansiere dette på har i hovudsak vore ved å bruke eigne opptente midlar frå min privatøkonomi og crowdfunding ved eit par høve. Eg har og fått hjelp av privatpersonar og mi lokale forsamling. Som dei fleste andre artistar er eg opptatt av å vere ærleg og personleg i det eg driv med. I mitt tilfelle gjer det at mi kristne tru skin gjennom i låtane mine.

Opp gjennom åra meiner eg å ha opparbeida meg ei relativt god kontaktflate med andre som driv med såkalla kristen musikk. Det er ei gjennomgåande oppfatning i dette miljøet om at det ikkje er vits i å søkje om offentleg støtte til våre plateprosjekt, rett og slett fordi det kristent. Eg oppfattar at dette skuldast resignasjon. Ein brukar ikkje tid og krefter på omfattande søknadsprosessar som ein på førehand veit ikkje vil nå fram.

Når eg set meg framfor TV-skjermen og ser på underhaldningsprogram som Idol, Norske Talenter eller The Voice høyrer eg ofte at dommarane ikkje berre leitar etter eit talent, men og at framføringa skal vere autentisk, ekte og personleg.

Som tekstforfattar og komponist appellerer dette til meg. Eg er sjølv tilhengar av eit stort mangfald med ulike uttrykk og set stor pris på artistar som gir av seg sjølv og formidlar ein personleg bodskap.

På politisk nivå snakkar ein i dag mykje om mangfald og aksept for ulikskap. Det er då frustrerande å sjå at enkelte støtteordningar orienterer sine søkjarar om at partipolitiske og religiøse prosjekt ikkje vil bli støtta.

Det har i aukande grad blitt ein praksis at privat næringsliv så vel som offentlege støtteordningar, fond, legat og bankar ekskluderer religiøse aktørar. Er ikkje dette å aktivt avgrense mangfaldet som ein gjerne snakkar varmt om?

Mange artistar/låtskrivarar i Noreg skriv tekstar med ein kristen bodskap. Fleire av dei gir ut musikk, men få om ikkje ingen gjer det med offentleg økonomisk støtte. Ut frå føringa som blir gitt føler mange seg tvungen til å legge til side den kristne delen av låtskrivinga for i heile tatt kunne drive med musikk.

Ein kan av og til lure på om ein på førehand har definert kva som ikkje kvalifiserer for støtte utan å ha gjort ei kvalitativ vurdering. Sjølv har eg halde på med musikk i fleire år og har gitt ut fleire album. Eg har ofte blitt møtt med avvising når eg har søkt om sponsormidlar til mine prosjekt. Årsaka er at mine prosjekt er religiøse.

Igjen blir spørsmålet om dette er ei avgrensing av mangfald? Nokon vil kanskje gå så langt at ein kallar det diskriminering.

Ein kan på sett og vis oppleve dette som dobbelkommunikasjon eller paradoksalt. For på den eine sida blir det autentiske og personlege ønskt velkommen, men på den andre sida kan ein oppleve at det er klare føringar på kva ein ikkje skal synge og skrive om i norsk musikk.

Frå ein kristen sin ståstad kan ein i dagens samfunn oppfatte at absolutt alt er lov å synge om, utanom si kristne tru. Det er snart ikkje fleire tabu att, det meste blir sunge om og det er ingenting som sjokkerer oss lenger.

Men om det i artisten sitt arbeid skin gjennom at ein har ei personleg kristen tru, då skal han/ho ikkje ytast noko form for økonomisk støtte. Ein ser det same skjer i radio. Få artistar som syng om kristne tema får speletid på radio. Også her blir det vurdert at dette diskvalifiserer.

Eg må sei eg undrar meg over dette og strevar med å forstå kvifor. Sjølv om Noreg etterkvart har blitt svært sekularisert, så blir det likevel lagt vekt på at trusfridom skal ha sin plass i vårt samfunn. Skal denne trusfridomen vere i samsvar med FN sine menneskerettigheitar vil det bety fridom til å uttrykke si tru både offentleg og privat.

Den kristne artisten er ein del av og lever sitt liv i dette samfunnet, men blir etter mitt syn aktivt avgrensa sine moglegheiter til å utøve sitt virke på lik linje med andre artistar. Eg har valt å vere open om mi tru i låtskrivinga og opplev det som urettferdig at dette i seg sjølv skal avgrense mine sjansar til å få økonomisk støtte.

Er det eg som har definert meg sjølv ut av bildet eller er det andre som har gjort det? Det er ikkje få gongar eg har fått høyre at eg kunne hatt større suksess med musikken min om eg hadde valt å ikkje synge om mi kristne tru.

Kva er det som gjer at ein lokal sparebank med kundar som har alle moglege politiske og religiøse ståstadar vel å legge føringar om at «partipolitiske og religiøse prosjekt» ikkje vil bli tildelt prosjektstøtte om ein søkjer om dette? For på websidene til banken kan eg lese at dei er opptatt av fellesskapen i samfunnet og at dei med fleire kundar kan setje eit større samfunnsavtrykk i regionen.

«Alle som ønsker har mulighet til å søke midler gjennom våre nettsider» står det i Sparebanken Vest sitt «prinsippdokument for samfunnsansvar» under pkt 5.8 Fordeling av gavemidler.

Kristne (les religiøse) aktørar støyter på ei diskvalifisering allereie når ein les det banken definerer som eitt av fleire hovedkriterium til kven som kan søkje; «Vi støtter ikke prosjekter med partipolitisk eller religiøst innhold». I Vårt Land 02.06.20 kunne ein lese at Normisjon region Vestfold og Buskerud vart nekta å arrangere tradisjonsrikt lotteri. Lotteritilsynet seier misjon ikkje er samfunnsnyttig. Dette viser at dette er ei altomgripande haldning og utfordringa gjeld ikkje berre for artistar.

Eg har besøkt Rockheim i Trondheim og sett utstillinga Soli Deo Gloria som fokuserer på kristen populærmusikk. Eg fekk snakka med personalet og ein av kuratorane som hadde laga utstillinga. Bakgrunnen for utstillinga var at dei stadig vekk møtte artistar som hadde sin bakgrunn frå kristne miljø, anten det var bedehus, kyrkje eller Ten-Sing.

Artistane gav alle uttrykk for at denne tida hadde betydd mykje for den musikalske utviklinga og at dei var takksame for dette. Noko av det som overraska dei mest når dei byrja jobbe med temaet var den høge kvaliteten på musikken. Eg fekk forklart at så langt har Rockheim aldri hatt ei utstilling som har fått så mykje positiv omtale i media og blant publikum som denne.

Ein kan oppleve dette som eit paradoks. For den kristne artisten har gjerne eit like stort ønske om å kunne livnære seg på sin musikk som andre artistar, men føresetnadane for å kunne nå ut med musikken sin blir avgrensa av ein sær praksis.

Korleis kan det ha seg at nokon på førehand har definert at religiøsitet diskvalifiserer for å motta økonomisk støtte. Dei med definisjonsmakt har tydeleg definert at det ein kallar livssynsnøytralt er betre enn å ha eit kristent (les: religiøst) livssyn. For det fyrste er ikkje dette ei livssynsnøytral haldning og for det andre nører det ikkje akkurat opp om mangfaldet.

statsstøtte,john-inge rolfsnes,sosionom,artist,musikk,debatt,komponist