WASHINGTON: Bildet viser presi
...
WASHINGTON: Bildet viser president Donald Trump utenfor St John´s Church ved Det hvite hus, med en bibel i hånden. Foto: Patrick Semansky, AP Photo / NTB scanpix
debatt
Bibelen – til forsoning eller blodbad?
Del
«Vanskeleg, skremmande og usikker!» Slik vert situasjonen i USA skildra av ein som har hatt åtte år i presidentstolen. Nasjonen er i djup krise, og rives sund av motsetningar og hatske ord, haldningar og handlingar.

Verda har akkurat sett etterfylgjaren hans skride dresskledd gjennom ein eim av tåregass, og løfta opp ein lukka Bibel, lik ei krigsfane mot eigne landsmenn. Han vil vere sterk og handlekraftig. At andre med ansvar skal «dominere gatene», og jage folket bort som ikkje marsjerer i takt.

Kvifor så opptatt av tanken på å dominere? Mange skildrar ein person som er svært «forelska» i seg sjølv. Men finn me andre verdiar og drivkrefter som heiar på ein opphøgd og suveren leiar som skal «rydde opp i rotet»?

På foross.no kom Arne Helge Teigen nyleg med ei svært interessant analyse: «NAR-bevegelsen og de politiske profetiene – Er Donald Trump Guds salvede president?»

Han syner korleis den nye rørsla i kyrkja foreiner tru og politikk til ei livsfarleg og eksplosiv blanding. Grunnlaget er det som kallast «Dominion theology» – herredømmeteologi.

Sjølvvalde apostlar og profetar står fram som Guds utvalde reiskap for endetida sin store og endeleg oppvakning. Desse profeterer no at, «som statsleder og president er Trump ‹salvet› til å ha en slags frelsesrolle for USA».

Eit langt sprang til ein annan president, Julius Nyerere. Han prøvde å bygge ein politikk basert på lokale fellesskap og familie, ujamaa. Makt og styring skulle kome frå grasrota, frå folket sjølv.

Om ideala var høge, var ikkje alt vellukka, særleg økonomisk. Han stanga mot det han seinare kalla «dei harde hjarta». Erfaringa av mennesket som grunnleggjande egoistisk i alle sine val.

Midt i eit kontinent prega av konflikt, krig og dårleg leiarskap, står likevel Tanzania fram som ei «fredens øy». Mykje av grunnen ligg i Nyerere og hans leiarskap.

Det brygga til storkonflikt i Mara-regionen vår. Folka ved Victoriasjøen, jita og kerewe, stod mot folket i fjella, kuria. Gamalt fiendskap blussa opp. Vonde skuldingar hagla. Kveg stole, hus brende og folk hogde ned med machete.

Ein dag kalla han leiarane for desse folka heim til seg sjølv. Midt i mellom dei var bålet og ei gryte. Den gamle leia så fram eit lam som han slakta, og la i gryta. Gjennom den symbolske handlinga og felles måltid, vart fiendskap og hat bytt ut med forsoning og fredsavtale i presidentheimen.

For Julius Nyerere var Bibelen inga lukka bok. President-Bibelen ligg utstilt i heimen hans i Butiama. Den ligg open, med margar fulle av personlege notatar. Ord om forsoning og fred mellom Gud og menneske, og Han som miste livet for å berge oss alle, Fredsfyrsten, Jesus Kristus!

debatt,usa,arne helge teigen,donald turmp,kirken,jesus kristus