Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Steile frontar og harde ord

I kommentarfelta i sosiale media ser det ut at kristne bruker like harde ord og kanskje hardare ord enn ikkje-kristne.

Det var ein trist dag for Noreg då Stortinget 26. mai vedtok store endringar i bioteknologilova. Frontane var steile og orda var harde. Desse vedtaka var eit nederlag for menneskeverd og mangfald.

Måten den politiske prosessen vart gjennomført på, var eit nederlag for demokratiet. Eg er trist og sorgfull over det som har skjedd. Ingen av oss forstår til fulle følgjene av endringane. No må vi samla oss for å gjera dei skadelege følgjene mindre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er lett å forstå ønsket om å få barn. Det høyrest fornuftig ut å få kunnskap for å kunna ta gode val. Det kan vera mykje empati og medkjensle bak dei siste vedtaka. Mange jubla og tok i mot endringane med tårefylt glede.

Det kan verka som om det skjer ei polarisering på mange område i samfunnet. Dette er svært skadeleg for landet. Det går skiljelinjer mellom sekulære og religiøse menneske.

Det kan også vera store spenningar mellom religiøse folk. Dei politiske ideologiane ligg ofte i botn for mykje usemje. I såkalla verdispørsmål kjem sterke kjensler i sving.

Då har vi ein tendens til å såra kvarandre med orda våre. Det kviler eit stort ansvar på alle som tek del i debattar om ikkje å vera splittande og sårande. Harde ord skaper harme, milde ord lækjer sår og skaper fred.

Media har eit viktig samfunnsoppdrag. Vi treng mediearbeidarar som er kjenneteikna av integritet og mot til å stå opp for sanning og rett. Media må gje rom for ulike stemmer med djupn og nyttige nyansar.

Folk som arbeider i media må prøva å dempa konfliktar og fremja tillit og forsoning. Media må hjelpa oss å forstå kvarandre sine synspunkt og ikkje ha ein skjult politisk agenda om å fremja eige syn.

Vi må prøva å setja oss inn i motparten si stode, motivasjon og ønskje. Kva ville vi gjort om vi gjekk i deira sko? Det er svært lett å mistru og mistolka andre slik at vi tillegg dei meiningar dei ikkje har.

Måten vi ordlegg oss på kan skapa konflikt og støyta folk frå oss, eller vera forsonande og opna for undring og endring. Mistenkeleggjering er øydeleggjande for alle partar. I kommentarfelta i sosiale media ser det ut at kristne bruker like harde ord og kanskje hardare ord enn ikkje-kristne. Slik kan vi ikkje ha det!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske. Utfordringa vår er å presentera det som godt nytt for menneske med ulik tru og bakgrunn.

Samfunnet vårt er sterkt sekularisert. Det gjer kommunikasjonen av evangeliet ekstra vanskeleg. Vi må halda fast på Bibelens ord om frelse og fortaping.

Det er grunnleggjande for oss at Gud vart menneske i Jesus Kristus. Gud vart ein av oss. Han kom oss i møte. Jesus kom full av nåde og sanning. Det gjorde at syndarar og tollarar samla seg rundt han.

Han tok imot dei utstøytte. Han gjorde sjuke friske. Han sette bundne menneske fri. Jesus var mild og mjuk i møte med syndarar – vanlege menneske. Skal kristentrua vinna fram, må vi likna meir på Jesus!