Illustrasjonsfoto: Heiko Junge, NTB scanpix

Ein koronade for folkehelsa

Heldigvis har Noreg ein onkel Skrue-binge, som gjer at vi nok ein gong kan prisa oss lukkelege over å vera fødde på ei grøn grein her oppe mot iskanten.

Eg har ikkje sett seriøse forslag om at vi skulle ha brukt t.d. halvparten av uttaket frå den bingen på Italia.

For vi har fått daglege dosar av reportasjar om verksemder og heile bransjar som slit no i Korona-tida. Det er ikkje få. Arbeidsløysa har råka altfor mange.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men no strøymer det også inn meldingar av eit heilt anna slag. Etter at Noreg stengde «ned» 13. mars, har andre smittsame sjukdomar blitt redusert med 69 prosent!

Overgrep og valdtekter har også gått kraftig ned. Om lag alt som elles er av sekundære, men alkoholrelaterte sjukdomar, vil truleg bli redusert som følgje av Korona.

Det er ikkje kjekt å bli pålagt restriksjonar som grip inn i fridomen vår. Men: kor mykje er slike restriksjonar verdt? Tjue liv, som ikkje blei øydelagde i denne tida? Ti valdtekter? Færre overgrep, fordi alkoholen ikkje fekk tilsløra moralgrensene?

Svaret er enkelt. For vi lærer jo ateitt liv har ein uendeleg verdi. Vi kan og bør finna oss i mykje, så lenge det gagnar medmenneska våre.

Dersom det følgjer så mykje velsigning med Korona-tiltaka, så burde vi kanskje lansera ein månad kvart år framover – i takksemd – til liknande «eksperiment». Mindre trafikk på vegane, reduserte utslepp, ledige sjukehussenger, ei betra folkehelse på grunn av god hygiene alle desse variablane peikar mot eit betre liv, kort sagt. Forskarane vil kunna fråtsa i tilgjengelege data etter denne våren.

Og tenk på samfunnsplanlegginga! Kan vi driva ein høgskule på halve arealet av det vi har i dag? Kan vi spara pengar og miljø på ein måte som med eit einaste slag oppfyller dei fleste politikarar sine til no: heilt urealistiske draumar?

Vi treng ikkje avsløra at dette har kristne menneske alltid visst. Anten det gjeld faste, meditasjon, bøn og måtehald, eller kort sagt: eit enklare liv, så har det vel aldri vore tvil om samfunnsnytten som følgjer av dette.

Vel, med nokre presiseringar: I desse framtidsscenaria må nok samfunnet tola at nokre arbeidsplassar samstundes går tapt, eller vert erstatta av ein annan type arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For det må vera eit premiss for desse refleksjonane at eit kunstig høgt konsum ikkje kan vera botnplanken i ein sunn økonomi i eit sunt folk. Vår del av verda er diverre komen langt forbi det stadiet som bøna i Ordtøka i Det gamle testamentet omtalar slik: Når vi blir så mette at vi fornektar Gud.

Sist laurdag, nett medan vi held på å letta på dei siste månaders forsaking av visse gode, var muslimane i Noreg ferdige med sin årlege Ramadan. Det er ein månad som i alle fall på papiret har forsaking som stikkord.

Så kanskje samfunnet skulle vurdera ein heilt verdsleg variant av Ramadan, t.d. einkoronade for det gode liv, der vi et mindre, men betre, reiser kortare, men byggjer nære relasjonar, og kuttar ialkoholen, som legg så mange heimar (og sosialbudsjett) i grus.

Eg har eit sterkt ønske om at røynslene våre med Korona ikkje skal vera forgjeves. At vi ikkje vender attende til alt slik det var.

Berre på eitt område vonar eg at vi aldri skal repetera våren 2020: stengde kyrkjer og «kvar mann for seg». Eg er spent på om færre eller fleire etter dette vil seia med salmisten: «Eg vart glad då dei sa til meg: «Vi vil gå til Herrens hus.» (Sal 122,1).