Tempelet kjem i si tid

Me er komne inn i endetida for det hender så mykje. Det hender fleire gonger så mykje no, enn i tidlegare tider. Både godt og vondt her og der.

Mange har det svært vanskeleg, og det vil verta verre. Men det er og mykje godt som hender, særleg i Afrika og Latin-Amerika. Dei tar imot Jesus og vert frelste.

Eg har tidlegare skrevet nokre innlegg i Dagen, men det var kanskje ikkje alle som skjøna tidene som eg nemnde, seks år og tre månader, og 1290 dagar. Men det var teke frå Daniels bok i Bibelen. Det første, Dan. 8.13–14. 2300 kveldar og morgonar, eg gjorde det om til år. Det andre er slutten på Daniels bok. Der finn då eg ei tid som er ein og ein halv månad lenger fram. Då har Herren henta si brur, og me som trur på Han er med i bryllaupet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var det daglege offeret som vart teke bort så lenge, og derfor trur eg at han sat så lenge i tempelet. Eg føler meg sikker på at dette dyret som sat i tempelet, alltid ville gjera denne ugjerninga. Det var etter at han var rydda ut or tempelet, og bort frå Israel at han røva og rana i Midtausten.

No har de skjøna det, Tempelet er enno ikkje kome, men det kjem i si tid. Når dei ortodokse jødane tar til med det, trur eg det er starten på den syttiande veka som er sju år. Tida som han sat i tempelet er slutten på veka. Dette arbeidet er det jødar som gjer. Dersom han var over seks år i tempelet, så må det byggjast på åtte og ein halv månad.

Men Tempelet (heilagdomen) er vanhelga så lenge han set der, når han er borte vert det reint.

Me ser her i kapittel 8 at både heilagdomen og hæren vart gjeven over til nedtrakking. Det var det som føregjekk i tempelet, og hæren til Israel følte seg for svak til å ta opp kampen. Men så hender det at hæren til dyret trekker seg nedover Judaheiane, slik eg ser det. Då er det at Israel ser eit lyst augeblikk til å gripa inn med hæren og får han ut or tempelet. No fører dei han ned Judaheiane, og der er mykje uro frå før. Det vil verta harde slag der, og den største stengsla for alle tider. Dette les me hjå Matteus 24.

Om nokon då seier at Herren kjem no, så skal de ikkje tru det. Det er det eg har skrive til dykk at det vil gå tre og eit halvt år etter dette før Jesus kjem ned skyene og luren ljomar.

Me må sjå litt meir på dette, for det er eit syn som Daniel får sjå, og det vert sagt at synet gjeld endetida. Med det skjønar me at det er just det tempelet (heilagdomen) som enno ikkje er komen det meinast.

Israel prøvde med hæren å irettesetja han, men han høyrde ikkje på dei. Og det er tydeleg det daglege offeret som han tar bort dei er ueinige om. Det daglege offeret var to årsgamle lam, og det var mykje mat til den store hæren hans. Eg meiner å skjøna dette mykje betre no enn tidlegare.

Du som skjønar at dette er det aller viktigaste for deg og dine, be til Herren at de må finna miskunn og verta frelste.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Å tolke katastrofer