AVSTEMMING: I 1994 viste EU-barometeret nei-seier med over 52 prosent.

Til deg som stemte nei i 94

Og til deg som ville ha stemt nei i 94, men enno ikkje var fødd eller hadde fått stemmerett.

Organisasjonen Nei til EU treng deg enno! Kampen er ikkje over, sjølv om interessekonfliktane skiftar ham, argumentasjon og generasjon.

Kampen er ikkje over, om unionstilhengarane rosemålar sosial dumping som «solidaritet», og kallar uregulert etableringsrett som «fri bevegelse der det før var ‹stengte grenser›».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til unionistane sitt kronargument: «EU er eit fredsprosjekt»: Kol- og stålunionen var i si tid ein føresetnad for at Vest-Tyskland kunne bli ein eigen stat igjen, og det hende som følgje av Tysklands kapitulasjon og totale nederlag.

Dei seks landa som inngjekk dei første avtalane om å dele suverenitet på somme politikkområde, gjorde dette for å bygge seg sjølv opp igjen ved samtidig å temme Vest-Tyskland.

I dag er det Tyskland som temmer Europa, i det som avdøde Ulrich Beck i boka si kalla Det tyske Europa (2013). Under euro-krisa hamna sør-europeiske statar i pengepolitikk- saksa.

Utan verktøyet som eigen pengepolitikk er, blei dei tvinga til å skjere kraftig ned på eigen offentleg sektor (inkludert helsetenester!), og fekk høg arbeidsløyse og færre og færre incentiv til å handskast med svart økonomi.

Nei til EU tar kampen for norsk folkestyre kvar einaste dag. Vi nordmenn er privilegerte og ønskjer å vere solidariske oss imellom og med alle Europas folk. Ein får ikkje eit levande folkestyre der politikarar ikkje står til ansvar overfor veljarane.

EØS-trygdesakene viser oss at vi står i ein skvis, mellom på den eine sida politisk avmektig norsk handlekraft og på den andre sida overnasjonale lover som ingen forstår korleis skal inkorporerast i vårt eige lovverk, eller rett og slett ikkje har tenkt på å inkorporere.

Energi: Vi jobbar for at Noreg skal ha ei fri og sjølvstendig rolle i internasjonal politikk og for at naturressursar blir forvalta av norske styresmakter og institusjonar. Gjennom EØS-avtalen blir Noreg no ein del av EUs energiunion. Nei til EU kjempar politisk og rettsleg for å hindre at energien vår blir styrt av EU og energibyrået ACER.

Jernbane: Nei til EU godtar ikkje at EU-direktiva som vil komme i EUs fjerde jernbanepakke gjennom EØS-avtalen skal styre vår jernbanepolitikk. Vi vil styre denne sjølv, utan krav om eksempelvis konkurranseutsetting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kommunale tenester: EU meiner at norske kommunar bryt EØS-avtalen når kommunane tilbyr rimelege offentlege tenester på område der det også eksisterer private tilbedarar. Ei EØS-avtale som gir dyrare tenester og som set munnkorg på lokalpolitikarar, er ikkje folkestyre.

Nei til EU bygger alliansar, kunnskap og beredskap i kampen mot norsk EU-medlemskap og også mot EØS-avtalen. Nei til EU er ein tverrpolitisk organisasjon med rundt 20.000 medlemmer og lokallag, grunnlagd for å hindre norsk medlemskap EU, og mot flytting av politisk makt til EU gjennom EØS-avtalen.

La oss bli den største politiske rørsla i landet! Bli med!

Les også
Hvor ble det av forkynnelsen om EU som Dyret i Åpenbaringen?EU-AVSTEMNING
Les også
Mindre tale om EU som Dyret i andre nordiske land