«Visst finst det ikkje tekniske nyvinningar som er utilgjengelege for Kristus. Men det er vitterleg eit hav av avstand mellom virtuell og inkarnatorisk formidling», skriv innsendaren. Foto: Adobe Stock

Gud sende ikkje ein instruksjonsvideo til verda, han sende son sin

Nettmesser og virtuell tru: Gnostisismen har vore ein reell konkurrent til kristendom sidan oldkyrkja. I våre dagar finn den nye vegar.

Professor Egil Morland lest vere usamd i åtvaringa mi mot nettmesser. Godt då å registrere fyrst kva vi står saman om:

«Normalt fungerande kristen tru og praksis utfaldar seg i fysisk nærver, i samfunn og fellesskap», «fysisk sakn etter verkelege gudstenester», «ein skandale at ingen kyrkjer er opne for gudstenestefeiring», «frykt for … at mange skal byrja tenkja at det funka jo godt (nok) med ein virtuell demonstrasjon på nettbrett».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som eg skulle sagt det sjølv!

Men så går Morland ut frå at det er «opplagt» at kristendom ikkje er virtuell, men reell presens. Dette opplagte er kanskje likevel verd å lyfte fram. Nettopp fordi «self-service»-åndeleg liv ligg så snublande nær oss moderne menneske.

Eg er ikkje på banen for å stanse TV-gudstenester eller radioandakter. Visst finst det ikkje tekniske nyvinningar som er utilgjengelege for Kristus. Men det er vitterleg eit hav av avstand mellom virtuell og inkarnatorisk formidling, tydelegast framtredande i sakramentsforvaltinga.

Difor er ikkje nettmesser messer for andre enn dei som er med i opptaket. For andre er dei ei framsyning. Gjerne trusstyrkande. Gjerne god formidling av ekte tru. Men likevel at dei etterlet seg «eit fysisk sakn». Dei er, som Morland skriv, ikkje fullkomne.

I alle tider har prestar gått i soknebod til dei som er isolerte frå kyrkjelydsfellesskapen, sjølv om dei har lytta til aldri så mange radioandakter. Utan fysisk vatn vert det heller ikkje dåp sjølv om ein streamer aldri så mange dåpsritual.

Gud sende til verda ikkje ein instruksjonsvideo, heller ikkje ei bok. Men son sin. Dette er teologisk sett viktige saker. Det er inkarnasjon i kamp mot gnostisk infiltrasjon i vår kristne tankegong. Gnostisismen har vore ein reell konkurrent til kristendom sidan oldkyrkja. I våre dagar finn den nye vegar. Obs, obs!

Les også
Virtuell tru – kva er det?
Les også
Virtuell tru