DEBATT: «Når eg då ikkje finn
...
DEBATT: «Når eg då ikkje finn å kunne stå i denne kyrkja, og eg heller ikkje finn å kunne samarbeide med dei som er positive til likekjønna vigsel, er eg då under påverknad av ei vond makt?» Foto: Adobe Stock
debatt
«Den onde makt»
Del
Dagen har i ein lengre artikkel 14. april formidla resultat av ei kartlegging av haldningar og verdiar blant gudstjenesteaktive i Kristen-Norge. Eit av spørsmåla var «Hvor stor tiltro har du til biskopene i Den norske kirke?».

Resultatet på dette eine spørsmålet var kanskje som forventa. I artikkelen er der ei setning frå Kari Secher eg reagerer på. Setninga er som følgjande: «Det er en ond makt som vil at vi skal være uenige og ikke samarbeide.»

Dette hadde ho jamfør Dagen sagt til presten sin. Med kva rett kan Secher hevde dette? Er det hennar subjektive meining, eller meiner ho å ha skriftbelegg for det? For min eigen del har eg ikkje ro for å stå i ei kyrkje som innfører likekjønna vigsel. Denne vigsel finn vi ikkje belegg for i Guds Ord.

Når eg då ikkje finn å kunne stå i denne kyrkja, og eg heller ikkje finn å kunne samarbeide med dei som er positive til likekjønna vigsel, er eg då under påverknad av ei vond makt?

Eg ser på meg sjølv som ein kristen og har teke i mot Jesus Kristus som min frelsar. Kan Kari Secher utdjupe kva ho legg i den setninga eg reager på? Eg vil presisere at eg her talar om det å ha ulikt syn på likekjønna vigsel. Så er det godt å kunne lese at Secher og eg er einige om at ekteskapet er mellom mann og kvinne.

debatt,undersøkelse,svein dag sørland,kari secher,likekjønnet vigsel,jesus kristus