Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Familie-politikk på ville vegar

Det er dramatisk å lovfeste at barn er ein rettigheit for einslege kvinner.

Stortinget skal 23. april ta stilling til ulike endringar i Bioteknologilova, mellom anna om einslege kvinner skal få rett til assistert befruktning. PDK meiner at det er ingen menneskerett å få barn.

Barn er, og skal vere, eit resultat av ein kjærleiksrelasjon mellom ein mann og ei kvinne. Det er ikkje ein miks i eit reagensrøyr og der menneska leikar Gud. Stortinget må ikkje ved lov påføre eit barn ein planlagt mangel. Barn blir då utan far og heile farsslekta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både fedre og mødre har verdi for barn si utvikling. Menn og kvinner er skapt forskjellig, og det er meininga at dei to kjønna skal utfylle kvarandre.

Stortinget bør vektlegge kva som er til beste for barnet og ikkje vaksne sine behov.

Det kan vere grunn til vurdere kva utfordringar vi påfører barn i den oppvekst og identitetsutvikling dei vil møte viss samfunnet definerer far som irrelevant og utan verdi.

Assistert befruktning for einslege og ved framlegget om eggdonasjon forlet staten det biologiske prinsipp heilt og fullt. Arv og slektsband, mor og far, biologisk og genetisk slektsband blir no bagatellisert og definert bort. Omgrepet foreldre skal bort og erstattast av omsorgspersonar.

PDK vil slå fast at menn og fedre er er svært viktige personar i livet til barna og bør ikkje fjernast gjennom statleg lovgiving. I alle andre samanhengar blir det vist til FN-konversjonar, men ikkje denne gongen, for det passar vist ikkje.

Barnekonvensjonen slår nemleg fast at barn skal ha rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg frå dei.

Barns beste er altså å vekse opp utan ein far?

Det er dramatisk å lovfeste at barn er ein rettigheit for einslege kvinner, vidare at far er overflødig, at planlagt oppvekst utan far er til barns beste og at barns rett til to foreldre ikkje gjeld lenger.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjer stortinget vedtak om å fjerne far, bør pappapermen fjernast for då er grunngjevinga totalt grunnlaus.