PR: Hadde Jesus hatt sans for PR, burde Han hatt ei kvinne med betre omdømme enn Maria Magdalena, og helst ein mann, til å gå med kristenhistoria sitt viktigast bodskap: Jesus lever, skriv Berit Helgøy Kloster.

Kvinneoppdrag i påskehøgtida

I mange år var eg religionslærar i vidaregåande skule. Største utfordringa var å vera førebudd på spørsmål frå oppvakte elevar.

Vi var ferdige med jødedommen og skulle ta fatt på kristendommen, og då var Messias-spørsmålet avgjerande. Messias tyder han som er Salva. Nå måtte eg svare på mitt eige spørsmål; Vart Jesus salva?

Templet i Jerusalem var sentralt, for det var her Messias skulle verta salva og alt skulle vere i orden til den dagen det skulle skje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tre av evangelia omtalar at Jesus vart salva, ikkje i tempelet, men i fattigbyen Betania. Det var like før påskehøgtida, og i huset til Marta og Maria hadde dei takkefest for Jesus som vekte broren deira opp frå dei døde. Vel førebudd salva Maria både hovudet og føtene til Jesus med kostbart nardussalve. Dufta fylte rommet og diskusjonen gjekk høgt om det var sløsing med pengar.

Var dette salvinga av Jesus som Messias? I min tanke kjem det opp to hendingar som underbygger dette: Då Jesus og disiplane hadde vert på ei tidlegare vitjing i Betania, fekk Marta det travelt med å stella til mat. Så travel at ho måtte be Jesus om å tale systera Maria til rette. Maria hadde sett seg ved Jesu føter, slikt læresveinane gjorde når dei lytta til Meisteren.

Kva han underviste henne, og kva spørsmål ho stilte, veit vi ikkje noko om. Eg vel å tru at Maria hadde fått innsikt i kva som skulle skje med Jesus, sidan Han sa: «Maria har valt den gode delen som ikkje skulle takast frå henne.»

Ein anna tanke er Jesus svar til dei som ville bruka pengane på sosiale tiltak. Dei fattige er der alltid, men nå var det Han det dreidde seg om. Maria salva Jesus til konge over døden!

Ei anna kvinne hadde tidlegare salva Jesu føter, og fekk då orda frå Jesus om at syndene hennar var tilgjevne. (Luk 7). Men etter Maria si salving i Betania irettesette Jesus læresveinane og la til: «Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde bli fortalt til minne om henne.»

Kva minne er det folkeslaga skal ha om Maria? Jau, ho var kvinna som salva Jesus til Messias. Andre kvinner var også til stades i Jesu siste Påskehøgtid. Den mest sentrale er Maria Magdalena. Ho var truleg meir kjent sidan ho hadde hatt sju vonde ånder i seg, og hadde nok ikkje det beste omdøme. Men Jesus hadde lekt henne, og nå var ho tett på Han.

Ho var på Golgata! Fylgde nøye med når soldatane tok Jesus ned frå korset, og såg kvar dei la han. Ho sette seg rett ned ved gravsteinen, og ville halda vakt. Då ho omsider gjekk heim, fekk ho andre kvinner med seg og gjorde klart til salvingsoppdrag når sabbaten var over.

Ho var ikkje redd for å gå heilt inn i gravkammeret, og tok opp diskusjonen med «gartnaren»: Kva hadde han gjort med Jesus, ho ville vita kvar liket var. Jesu fyrste ord etter oppstoda, var hennar namn: «Maria.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hadde Jesus hatt sans for PR, burde Han hatt ei med betre omdømme, og helst ein mann, til å gå med kristenhistoria sitt viktigast bodskap: Jesus lever!

Men det var den kvinna, Maria Magdalena, som fekk oppdraget frå den oppstadne Kristus: «Gå til brørne mine og fortel…» Eg ser henne for meg der ho spring, ho fortalte det nok til alle etter vegen.

Når nå debatten om kvinner kan ha leiarfunksjon dukkar opp att, spør eg meg om det er noko vi har oversett? Det var kvinnene som hadde «leiar ansvaret» i påskedrama.

Eg har stor respekt for å ta brevlitteraturen på alvor, men sjølv Paulus sette kvinnene si teneste inn i miljø samanhengar: jøde-kristne og heidning-kristne.

Misjonshistoria er full av kvinner som vart brukt både i vekkingar og opplæring. Kva ansvar tek dei på oss som set bremser på eit kvinnekall?

Vi må sjå kva Meisteren gjorde, Han gav kvinnene eit oppdrag, eit kall.