Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Vi må ikkje fortvile eller miste motet

Når alt stoppar opp på denne måten er det på tide til å sette seg ned og spørje seg sjølv: Kva er det som skjer? Kva er meininga med livet? Er det eg driv med så viktig likevel? 

Mange er frustrerte i desse dagar av virus, karantene, permittering og avlysing av alle slaga arrangement. Skulane er stengde og det kan vere eit problem med å få tida til å gå.

Det kan minne om slik det var i krigens dagar, seier eldre menneske. Når alt stoppar opp på denne måten er det på tide til å sette seg ned og spørje seg sjølv: Kva er det som skjer? Kva er meininga med livet? Er det eg driv med så viktig likevel?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trenaren for det norske herrelandslaget i hopp uttalte nyleg: «No er sport minst viktig.»

Koronaviruset drep folk, og når det gjeld liv og død må sporten setjast til side. Livet er dyrebart og det må vi verne om. Eg er sjølv glad i sport og har hatt mykje glede av å gå på ski, spele tennis, fotball og andre ting, men eg veit at der er noko som er mykje viktigare. Teater- og filmframsyningar vert avlyst, men det verkelege livet er mykje viktigare.

Ein sa det slik: «No er det eit fint høve til at avgudane vert sette til side!». I slike tider er det nokre som spør seg: Er der verkeleg nokon Gud? Korleis kan han tillate det som skjer? Er han ikkje allmektig?

Vi menneske er avgrensa og i denne situasjonen ser vi kor små vi er. Sjølvsagt kan vi ikkje forstå alt det med Gud som er vår skapar. Hans tankar og vegar er mykje høgare enn våre!

Bibelen seier at «Som ein far forbarmar seg over borna sine, forbarmar Herren seg over dei som ottast han. For han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.»

Akkurat som vi ikkje gir borna alt dei ynskjer, så gir Gud oss heller ikkje alt vi ber om. Han tenkjer langsiktig og veit kva som er det beste for oss. Herrens plan er å frelse oss, hjelpe oss gjennom livet og føre oss fram til der han bur i himmelen.

I Det gamle testamentet kan vi lese at Israelsfolket hadde gått bort frå den sanne Gud og vendt seg til avgudane. Gud kalla dei tilbake, men dei ville ikkje høyre. Då måtte Herren i sin kjærleik bruke harde midlar for å få dei i tale. Fiendehærar kom og okkuperte landet.

Midt i den situasjonen stod profeten Jeremia fram og ropte ut: «Eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulykkestankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Når de kallar på meg og kjem for å be til meg vil eg høyre på dykk. De skal søkja meg og de skal finna meg når de søkjer meg av eit heilt hjarte.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi må ikkje fortvile eller miste motet i desse dagar. Som grunnleggjaren av Evangeliesentra Ludvig Karlsen sa det: «Enno er det håp!»

Som vi syng i ein song: «Gud er på tronen ennu og han kommer sine i hu. I prøvelsens stunder, å tenk hvilket under, at aldri alene er du!»

Jesus Kristus sa til venene sine før han skulle døy: «Lat ikkje hjartet dykkar verte gripe av angst. Tru på Gud og tru på meg. I huset åt far min er det mange rom. Var det ikkje slik ville eg ha sagt dykk det for eg går bort for å gjera i stand ein stad til dykk.»

Det er trygt og godt å tru på Jesus. Han sviktar ikkje. Vi kan stole på hans ord. Han seier sjølv: «Helga dei i sanninga. Ordet ditt er sanning.»