Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Helvete – finst det?

Dei som er bokstaveleg bibeltru, bør ikkje gløyma at Jesus skreiv ingenting sjølv – mest truleg fordi han såg dommedag rett utafor døra

Nokon meiner det – ogi Dagen, 11. mars, doserer Greta Aune Jotun over det store spørsmålet kor me menneske eventuelt hamnar etter døden. Ho er ikkje i tvil, Jotun har nemleg lese Bibelen, og der har ho tydelegvis fått openberring og sett «sanninga», og dette vil ho gjerne dela med sin neste.

Fint tenkt, og den gode bodskapen ho forkynner, er at hennar neste som ikkje trur slik ho gjer, går til helvete – og der skal dette mennesket torturerast i evig tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

God, kristen nestekjærleik med andre ord, i tillegg guddomleg farskjærleik. Eit spørsmål melder seg – korleis kan ho vita dette? Jo, Jotun trur på Jesus Kristus, og han har fortalt dette. Han er vegen, sanninga og livet, og han laug aldri – seier ho.

Dei som er bokstaveleg bibeltru, bør ikkje gløyma at Jesus skreiv ingenting sjølv – mest truleg fordi han såg dommedag rett utafor døra. Det kan òg tenkjast at han var analfabet som mange var på den tida. Det vesle me kan vita om Jesus, er i andre hand – nedskrive i evangelia fyrst tretti til seksti år etter hans død.

Dessutan – evangelistane og kyrkjelydane hadde alle ei sterk tru på Jesus som Messias, og tekstane i evangelia måtte difor verta farga av dette subjektive miljøet. Og dei fleste bibelforskarar i dag er einige om at evangelia ikkje er historisk truverdige – dei har meir preg av oppbyggelege skrifter.

Alt dette skulle tilseia at me bør vera varsame med å gå for sterkt ut med våre personlege «sanningar», og det gjeld både teologar, pastorar, lekfolk og så vidare.

Sanninga med stor S, er at ingen religion, og heller ikkje vitskapen, har funne den absolutte sanninga – ho ligg skjult for oss. Sokrates sa i si tid: «Eg veit berre ein ting – og det er at eg ingenting veit.» Fint om fleire ville tenkja slik, særleg dei som har funne det dei trur er sanninga.

Greta Aune Jotun skriv at Gud JHVH (=Jeg Er) «har gjort det mulig å unnslippe dette gudsforlatte pinens sted». Set ho likskapsteikn mellom sin kristne Gud og Jahve – denne massemordaren frå Det gamle testamente? Og kor finn ho denne helveteslæra hjå Jahve?

Denne figuren var nøgd med spidding av kroppar og knusing av hovud og så vidare. Etter døden fekk stakkarane vera i fred. Det skal Jahve ha.

I seinjødedomen derimot kom helveteslæra inn frå ytre religionspåverknad, og då særleg frå den persiske zoroastrismen, tillagt presten og profeten Zarathustra som utvikla den dualistiske læra om to motstridande krefter i tilværet – gud og djevel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne religionen fokuserte på kampen mellom det gode og det vonde, og var klart monoteistisk med ein einaste gud, Ahura Mazda – men i tillegg ei vond ånd Angra Mainyu eller Ahriman, og i tillegg ein skokk med englar og demonar. Endetidslæra med oppstode, evig frelse eller evig fortaping er sentralt motiv.

Tankegodset frå denne religionen, zoroastrismen, kom altså inn i alle dei jødiske sektene på denne tida. I tillegg var òg fleire apokryfiske skrifter i omløp, kanskje vart 1. Enoksbok den mest populære. Den største sekta, farisearane, tok denne læra til seg, men ikkje det jødiske presteskapet.

Desse teoriane frå persisk mytologi kom òg inn i den vesle sekta som seinare braut ut frå jødedomen. Jesus vart tydelegvis sterkt påverka av denne læra, ikkje minst i sitt eskatologiske syn.

Helveteslæra i kristendomen kjem altså ikkje frå jødane, men frå Persia (Iran). Og einast to verdsreligionar har denne læra om ein torturanstalt for dei som ikkje vert utvalde – kristendomen og islam.

Dei to religionane – kristendomen og islam – bryt altså Menneskerettserklæringa.