KINA: Xi Jinping (biletet), so
...
KINA: Xi Jinping (biletet), som har gjort seg til kinesisk «gud», har sett at posisjonen kan bli utfordra fordi han i starten prøvde å feia viruset under teppet. Regimet mobiliserer no med Mao-inspirert, blodraud propaganda for å visa at Xi er den store redningsmannen, skriv Johannes Morken. Biletet er teke i samband med Xi Jinping sin nyttårstale. Foto: Ju Peng/Xinhua/AP Photo/NTB Scanpix
debatt
Kampen mot korona-angsten
Del
«Egoisme og arroganse er vegen til undergang», seier prest 
i Midtausten. Klarar vi å sjå det når viruskrisa er over?

«Den som ikkje kjenner på litt helseangst no, bør gå i terapi», kommenterte lege Ingvard Wilhelmsen, glitrande formulert spesialist på hypokondri.

Eg har sjølv gjennom åra kjent på meir helseangst enn Wilhelmsen sikkert ville funne fornuftig, dersom eg hadde gått i terapi hos han, men psykologen og sjelesørgjaren var nok enige med Wilhelmsen.

Her eg sit koronafrisk, kjenner eg ekstra godt etter gruff i halsen. Eg kjenner på frykt for eiga helse, men også på frykta for helsa til meir sårbare som kunne bli ramma dersom eg skulle bli smitta og så senda smitten vidare.

Det er tida for å bli nærsynt, ved å bry seg om folk som treng handlehjelp eller støtte som permittert på dagpengar. Så er det verkeleg ikkje tid for å bli nærsynt ved å hamstra.

No løftar vi i flokk for dei mest sårbare. Men så hardt løftar vi at vi ikkje veit korleis verda blir, bak viruset. Vi ber på frykt for arbeidsplassar, næringsliv, kulturliv og matproduksjon. Kva interessekamp om ressursar blir det, etter koronaen?

Så veltar frykta frå verda innover meg. Eg gruar meg til meldingar om spreiing av viruset i fattige strøk og flyktningleirar der folk bur så tett at alt snakk om karantene er teoretisk tøv. Der er det heller ikkje spørsmål om intensivavdelingane må melda pass, fordi dei ikkje finst.

Ein kjenning av meg i Nairobi skriv om angsten i Kenya. Kenyarar som er blitt bedne om å halda seg heime på grunn av viruset, svarar at då svelt dei ihel.

Dei må ut for å henta mat, difor tek ein sjansen på å bli smitta. Det finst ikkje noko sosialt tryggingsnett, måpande kan dei på avstand høyra om dei milliardane som Noreg og andre stiller opp med.

Eg prøver å leva meg inn i korleis folket i Wuhan i Kina har hatt det. Der har det vore portforbod. Eg prøver å forstå panikken folk kan ha kjent på med viruset utanfor dørstokken.

Eg prøver å leva meg inn i korleis kinesiske kristne har det. Lenge har dei vore pressa av eit knallhardt regime som ville undertrykkja alle truande. No kan dei på grunn av virusfaren ikkje eingong møtast. Men dei les Bibelen i filler som aldri før, og mange møtest over nettet.

Vår kritikk av Kina som trakasserte legen som varsla, forstumma påfallande raskt då Kina tok barske tiltak i bruk mot viruset og vi fekk god grunn til sjølve å frykta viruset.

Harde tiltak her i landet er grunngjevne med unntakstilstand. I Kina slepp derimot kommunistpartiet bryet med ein heftig offentleg debatt om kor vide fullmakter regimet kan ta.

Her eg sit og balar med min eigen angst, fryktar eg også for at det massive kinesiske overvakingssamfunnet har fått endå meir «legitimitet» sidan det også kan brukast mot virus. Får vi sjå eit brutalt diktatur som blir endå meir hardhendt i overvaking, undertrykking og kontroll?

Xi Jinping, som har gjort seg til kinesisk «gud», har sett at posisjonen kan bli utfordra fordi han i starten prøvde å feia viruset under teppet. Regimet mobiliserer no med Mao-inspirert, blodraud propaganda for å visa at Xi er den store redningsmannen. Kan vårt blikk på diktaturet bli endå meir sløva, medan Kina styrker jerngrepet?

Eg prøver å tenkja meg redsla i overfylte iranske fengsel, veleigna for virussmitte. 80 000 fangar er mellombels sette fri for å redusera faren. Men kjende kristne konvertitt-fangar, med dommar på ti år, blir vurderte som farlegare for ayatollah-staten enn viruset, og slepp difor ikkje ut mot kausjon.

Eg ser føre meg ni konvertittar som retten gjorde kort prosess med: Dei fekk stadfesta dommar på fem år utan å få forsvara seg i ankesaka. Koronakrisa krev innstrammingar. Å kutta hardhendt i rettargangen for dei som «trugar staten», er det lett å koma unna med.

Så kjem det inn meldingar som gir nytt håp, for meg som balar med frykta i lag på lag. Ein kyrkjelyd vi samarbeider med i Beirut, held helseklinikken og matutdelinga open medan kyrkja er stengd. Gudstenesteliv og undervisning er på nettet.

Dette skjer i eit land som er paralysert. På få månader er Libanon blitt ramma av økonomisk kollaps, politisk kollaps og no kollaps i helsesystemet.

Våre vener i Beirut har aldri gitt opp solidariteten, verken då krigsflyktningane strøymde over grensa frå Syria, eller då landet vart lamma av økonomisk og politisk krise, før no av viruset paralyserte eit heilt samfunn.

«Egoisme og arroganse er vegen til undergang», seier maronitt-presten Fadi Daou i Beirut. Vil vi, når den verste krisa er over, meina at vi har meir enn nok med å lækja våre lokale og nasjonale sår og håpa på ein vaksine? Eller vil vi ta vare på fellesskap og solidaritet med dei sårbare, over grenser som no er stengde?

Eitt bør vi ha lært, eg og andre som no kjenner redsla krypa inn under huda: Trygge er vi slett ikkje utan at verda er trygg.

johannes morken,ingvard wilhelmsen,helse,koronavirus,koronaviruset,stefanusalliansen