TRU: Eg har stor respekt for kristne som har ei konservativ tilnærming i trua si. Men den respekten blir mindre når ein automatisk koplar det med å vere politisk konservativ, skriv Trude Brosvik. På biletet ser vi USAs president Donald Trump. 


Vil virus velte Trump?

Eg har stor respekt for kristne som har ei konservativ tilnærming i trua si. Men den respekten blir mindre når ein automatisk koplar det med å vere politisk konservativ.

No skal eg skrive refleksjonar. Dei er mine, dei er ikkje bygt på forsking eller eksakt kunnskap om det amerikanske politiske systemet.

Eg stiller spørsmål ved korleis folk kan halde fram og tru at Trump bør attveljast. Og korleis i all verda han kan ha så stor støtte hos kristne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også her i Norge er det kristne, oftast dei som kallar seg konservative, som uttrykker støtte til Trump. Partiet Dei Kristne, og leiarar der, er i fremste rekke for å hevde det.

Media som Norge Idag og endåtil Dagen synest å ha teke standpunkt for Trump.

Er svaret så enkelt at han brukar Israel og abortlova som agn mot kristenfolket? Eller er det andre, og fleire, grunnleggande verdiar hos republikanarane som gjer det, og at ein aksepterer at pt er Trump presidentkandidaten?

Som kristne er vi kjende med å ha ein sterk leiar, og å bygge på tru. Kanskje flyttar vi for lett det å ha ein allmektig Gud over til det «jordiske» livet og vil ha det same der?

Men slik er det jo ikkje. Jesus var tydeleg på skiljet, og ba oss gje Gud det som var hans, og keisaren det som var keisaren sitt.

I den politiske kvardagen så kan vi ikkje følgje Bibelen som ei kokebok, men meir som ein inspirasjon for å finne fram til dei beste løysingane. Politikkens vesen er at vi må bygge vidare på fleirtalsvedtak. Vi kan sjølvsagt ta omkampar, og somme tider kan det vere rett.

Men vi kan også erkjenne at det var så langt vi kom, og så bygge alliansar for å gjere det beste ut av situasjonen. Eg har mest tru på det siste. Fordi vi er valt til å gjere nett det; skape best mogeleg rammer for at folk får leve liva sine, ha jobb, vere likestilte og ta ansvar.

Statsministeren vår, Erna, som heile Norge er på førenamn på, hadde ein tale til folket for eit par kveldar sidan. Der sa ho at utan den høge tilliten som er mellom folk og styresmakter så ville vi aldri klart å få folk med på dugnaden med å hindre smitte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var ein svært god og samlande tale. Erna, som eg tidlegare har kritisert for å ikkje slå ned på splittande ordbruk frå eigne statsrådar, viste her kor viktig det er for eit samfunn å stå saman, ikkje polarisere, men bygge tillit.

Tilbake til Trump. Han gjer det motsette. Heilt sidan han vart president, har han bygt ned tilliten i folket. Han har spreidd løgner, han har gjort folk usikre på om dei kan tru på media. Og ikkje berre på media, han har kalla alle andre poltikarar for pill råtne og sagt at folk ikkje må tru på dei. Presidentskapen hans er bygt på polarisering og splitting.

Slik har han også møtt korona-viruset. Med å kalle det «kina-virus», med konspirasjonsteoriar, med å avfeie det som ufarleg (så seint som 10. mars) og at det er ein «demokratisk bløff».

Når no dødsfalla begynner å kome og viruset er ute av kontroll, så får han det han hausta; folk trur ikkje på han. Ei fersk måling om handteringa av koronaepedemien (Natonal Public Radio) syner at heile 60 prosent seier dei ikkje stolar på han. Og det i ei nasjonal krise!

Viljen frå konservative kristne til å ha Trump som president forundrar meg. Sjølvsagt på grunn av løgn-strategiane, men også fordi han tydeleg brukar makt-metodar i grenseland (eller over grensa), omtalar folk og grupper nedsettande, polariserer og viser eit kvinnesyn som eg opplever kvalmande.

Eg har stor respekt for kristne som har ei konservativ tilnærming i trua si. Men den respekten blir mindre når ein automatisk koplar det med å vere politisk konservativ. Når ein hevdar eit spesielt politisk standpunkt som einaste gangbare for kristne, enten det er ytre høge, ytre venstre eller sentrum, så stoppar det for meg.

Det som gleder meg er at ein konservativ kristen også ofte er ein radikal kristen. Og at aksen for kristendom ikkje automatisk kan koplast til aksen på politisk preferanse.

I det biletet, og knytt til det vi ser frå Amerika og Trump, kjenner eg likevel på ei uro når ein får ei kjensle av at det ein meiner om Israel og abort er viktigare enn alt anna. Fordi eg er redd for at ein prøver å bruke viktige saker til å skaffe politisk lydighet.