Friskular gjev eit meir splitta samfunn

Dagen har alltid vore sterk tilhengjar av kristne friskular, og 28/2 fekk me endå ein leiar som åtvara mot raud-grøn friskulepolitikk.

Og eg deler redaktøren sin kritikk av manglande respekt for kristne samlivsetiske standardar. Men samtidig ser eg sterke argument mot høgresida sin valfridomsideologi:

1. Å splitta opp elevane alt frå småbornsalderen av, bidrar til å splitta opp lokalsamfunn. For born i sams skule knyter også foreldra meir saman, og når denne kontaktarenaen forsvinn, aukar også risikoen for oppdelte nærmiljø. Liksom det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn, kan einsidig omsyn til foreldreretten – sjølv om denne er forankra i FN-konvensjonar, lett stå i vegen for å byggja gode nærmiljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

2. Når staten med si godkjenning av friskular kan forkludra fylka og kommunane sin skulepolitikk, blir det verre for regionale og lokale styresmakter å planleggja heilskapleg.

3. Og ikkje minst, med tanke på å vera Jesu salt og lys for omverda, trur eg etablering av kristne friskular bidrar til å svekka Jesu nærvere i dei lokalsamfunna som slik får færre Jesus-truande lærarar og elevar. Dessutan er det ikkje nødvendigvis slik at kristne skular har det saltet og lyset i seg som Jesus snakka om i Matt 5:13–16, og som mangeårig NLA-rektor Bjarne Kvam 5/9-19 meiner er kristne skular sitt fortrinn. For i fjor haust avslørte NLA nettopp mangel på salt og lys, i kjølvatnet av eit seminar for å hjelpa folk ut av homofili.

For både rektor, tilsette og mange studentar markerte at dei ikkje kunne stilla seg bak dette – medan eg trur seminaret var eit viktig bidrag til fremja ei Guds sanning der samfunnet elles er prega av løgn.

4. Og når argumentasjonen for kristne friskular mest handlar om retten til å etablera eigne skular – meir enn å vera motivert av å skapa ein skule med oppseding etter Jesu føredøme, misser eg endå meir tillit til den kristne friskulerørsla. For alternative skular må ikkje vera motivert av å byggja eigne skuleimperium, men av å få ei meir sann opplæring.

5. Elles viser høgresida liten vilje til valfridom i spørsmålet om inntaksmodell til vidaregåande skular, jamfør regjeringa sitt ønskje om å tvinga alle fylka til å ha eit reint karakterbasert opptak, trass i ulempene dette gjev med lengre reiseveg og auka skilnader mellom skular for karakterflinke elevar og skular som får ein stor andel karaktertaparar.

Dagens redaktør bryr seg altso mest om elevane sin valfridom – og lite om fylka sin politiske valfridom. Og eit slikt «grasrotdiktatur» blir gjerne frukta av det høgrepopulistiske grunnsynet om at styresmakta primært skal tena kvar og ein sine ønskje – meir enn tena Gud gjennom ein heilskapleg politikk.