Nei: Indremisjonsforbundet sei
...
Nei: Indremisjonsforbundet seier framleis nei til kvinnelege eldste, med same grunngjeving som tidlegare. Bildet er frå ei leiarsamling i 2019. Foto: Dagen-arkiv
debatt
Ikkje kome til ny innsikt – står fast
Del
Ein skal ikkje endra standpunkt i åndelege og læremessige spørsmål fordi andre gjer det, eller ved å visa til at det er ulike oppfatningar av saka. Ein skal berre endra standpunkt om ein kjem til ny innsikt i Guds ord.

«Lære- og tilsynsrådet har gjennom denne prosessen ikke kommet til ny innsikt i det spørsmålet, vi står derfor fast på gjeldende veiledning om menn og kvinners tjeneste og anbefalingen om eldstetjenesten.»

Slik lyder hovudkonklusjonen frå ImFs lære- og tilsynsråd etter at rådet har behandla saka om innføring av kvinnelege eldste i Emblem bedehusforsamling. Det er eit konsistent, og eit svært presis og klokt, vedtak. ImF seier med det framleis nei til kvinnelege eldste, og då med same grunngjevinga som tidlegare.

Rådet held fast på gjeldande rettleiing fordi dei «ikke har kommet til ny innsikt i spørsmålet». Det er rette haldninga og rette argumentasjonen. Ein skal ikkje endra standpunkt i åndelege og læremessige spørsmål fordi andre gjer det, eller ved å visa til at det er ulike oppfatningar av saka. Ein skal berre endra standpunkt om ein kjem til ny innsikt i Guds ord. Det er grunn til å gje honnør til det åndelege leiarskapet i ImF for denne måten å tenkja og argumentera på, og det er til lærdom og etterfylging for oss andre.

Samstundes som vi må leggja vekt på den tenkinga som her kjem fram, er det grunn til å gå etter i saumane den pragmatiske argumentasjonen som ofte vert brukt i spørsmålet om kvinnelege prestar og kvinnelege eldste. Folk som vil ha endring i ImF på dette punktet, viser gjerne til at Normisjon og Frikyrkja har endra syn, samstundes som at dei er teologisk konservative.

Det er å gjera saka svært lita, sneversynt og provinsiell. Det er å halda seg i ein norsk åndeleg andedam, framfor å sjå historisk og globalt på saka. ImF, Normisjon og Frikyrkja – for ikkje å snakka om Sarepta – er marginale storleikar i perspektiv av den verdsvide og historiske kyrkja. Det å visa til haldningar og endringar i desse samanhengane, er som å sjå på 2–3 sandkorn i Sahara, og ut frå det vurdera ørkenen og eventuelle endringar i denne.

Dei store historiske kyrkjene som Den romersk-katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja er massivt mot kvinnelege prestar. I Den anglikanske kyrkja i England vart det opna for kvinnelege prestar i 1994, men i det kyrkjesamfunnet er det indre store variasjonar åndeleg sett, og det er framleis stor motstand mot kvinnelege prestar i delar av kyrkja. I USA har dei store protestantiske folkekyrkjene opna for kvinnelege prestar, men vi skal merka oss at i desse kyrkjene er utviklinga omtrent som i Den norske kyrkja totalt sett.

Det er jo ikkje eit godt teikn for folk som vil vera bibeltru. I USA er det dessutan livskraftige kyrkjer som seier nei til kvinnelege prestar. Tendensen er også her i landet at der ein har opna for kvinnelege prestar og eldste, er presset størst for å opna for homofilt samliv og likekjønna ekteskap. Den norske kyrkja er jo det fremste og udiskutable dømet på dette.

Det er ikkje slik at alle som går inn for kvinnelege prestar eller som seier nei til tenestedeling mellom mann og kvinne, automatisk går i teologisk liberal retning og endar opp med å gå inn for likekjønna ekteskap. Fleire av dei som har stått og står fremst i kampen på dette området, står for det «nye» synet i kvinneprestsaka.

Dei held energisk fast på at desse to spørsmåla ligg på kvart sitt nivå teologisk sett. I den store samanhengen er det likevel ikkje til å koma frå at der ein har opna for kvinnelege prestar, har det gått i teologisk liberal retning – og det rimeleg raskt. Folk flest glir inn i same typen argumentasjon for homofilt samliv og likekjønna ekteskap som dei har brukt eller høyrt for kvinnelege prestar. Dette burde vera til ettertanke.

Ein bør altså løfta blikket frå den nære andedammen, og sjå saka i verdsvidt og historisk perspektiv, og då er ikkje utviklinga etter opning for kvinnelege prestar og eldste lysteleg. Utviklinga er heller ikkje til endes. Dette skulle gje eit ekstra puff til å tenkja i lys av om ein har fått ny innsikt i Guds ord, eller ikkje. Innsikta i Ordet bestemmer og forpliktar.

(Innlegget er først publisert på misarepta.no)

debatt,johannes kleppa,IMF,indremisjonsforbundet,kvinnelige eldste,frikirker,den romersk-katolske kirke,sahara,prester,misjon,likekjønnet ekteskap