Lovsong – utan grunn?

Vår begeistring for eitt eller anna bør ha ein grunn. Utgangspunktet for ekte lovsong må vere noko som har gripe oss, som har kome til oss, gitt til (tilgitt?) og som må få utfalde seg.

I Dagen 12. februar kjem det mot oss ein sterk karakteristikk: «Hudflettar» moderne lovsong, og som blir tilslutta av fleire av i dag aktive og dugande song- og musikkleiarar. Uttrykket kan/bør nyanserast fordi ein må sjå det i samanhengen som lovsongen står i, det vere seg i forsamling eller kyrkjelyd. Lat meg her kort skissere den tredelte forståinga av lovsongens plassering i den kristne song- og musikktenesta. Og då med å ta utgangspunktet i ordet – lov:

1. Guds lov, Guds heilage lov og vilje, er dei rammene som Gud har gitt oss for å leve ut vår liv, med ein fri vilje til å seie ja eller nei, med dei konsekvensar det gir.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

2. Men har vi fått Guds lov, som i vegleiing og handling må forkynnast, sjølv om vi ikkje strekk til, ja, beint fram kan bryte Guds lov, så kjem Gud oss i møte med sine lovnader, eller sagt i klartekst: Evangeliet til frelse for kvar ein som i tre tek imot.

3. Det er i dette møte, med lov og evangelium, som gir oss grunn til å finne gode, ekte og levande uttrykksformer i vår takk, tilbeding og lovsong. Når vi i dag vert overkøyrde stundom av den såkalla moderne lovsongen, så tviler eg ikkje på intensjon og målsetting: Sleppe kjenslene laust i glad song. Slik har det vore til alle tider, men på ulikt vis. Men kvifor er tekstsubstansen ofte så innhaldslaus og til tider så egosentrert i sitt jag etter gode kjensler? Er det ei form for sjølvoppleving og trong for kjenslevar stadfesting av at ein er eit Guds barn?

Lat oss take opp att arven frå kyrkje- og bedehusland som let den gode vise, song og salme i fellesskap og samsong, tone fram med sitt bibelnære innhald, ikkje berre som ofte passive tilhøyrarar til forsongarane eller artistane på podiet, men som aktive med i kor og musikklag, der songen med sine tekster byggjer opp sjelslivet og ikkje berre kjenslene, som i aller høgste grad høyrer med. Det er nådeordet som er grunnar for den ekte lovsong.