Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Mann og kvinne, til Ordet og til vitnemålet

Skal tidsånda eller Herren få råda?

Det er kamp. Ubibelsk lære og praksis tar inn i misjon og bedehus. På Sunnmøre opnar ei indremisjonsforsamling for kvinnelege eldste.

I NLM arbeidast det for at kvinner skal inn i hovudstyret og at kvinner skal vera representert som forkynnarar på alle sentrale arrangement i organisasjonen. Skilnaden mellom kvinne og mann som Guds ord lærer, skal gjerast mest mogleg usynleg – inntil det berre er teori att, og knapt nok det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skrifta lærer: 1. Kor 11:3 «Men eg vil at de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, og mannen er hovudet for kvinna. Men Gud er hovudet for Kristus».

Gud skapte mann og kvinne likeverdig, men ikkje likestilte. Mannen er skapt til å vera hovud og leiar. Kvinna skal underordna seg.

Det betyr ikkje at menn kan oppføra seg som dei vil i Guds namn. Dei er under Kristus. Han bestemmer i sin kyrkjelyd og over mannen. Kristus har utøvd sitt leiarskap så underleg: Han gjorde seg til tenar, og fornedra seg sjølv til døden på korset. Han gav avkall på sitt eige for å berga oss. Mannen er kalla til å utøva sitt herredømme i Kristi spor.

Sjå Guds verk: Mannen vert skapt først. Han får sitt kall – han blir sett til å dyrka og verna hagen. Han får òg læra, Ordet frå Guds munn – «du kan eta... – men treet midt i hagen...». Så vert Eva skapt av omsyn til mannen. Ho får oppgåva og Ordet frå Adams munn. Han er hennar hovud, det vil seia overhovud og herre. Hennar kall står i forhold til Adam og ho får morskallet – ho vert Eva, mor til alle som lever.

Guds plan og vilje viser seg òg i fylgjande: Då Adam og Eva fall, så ramma Guds dom dei direkte inn i den kallgjerninga Gud hadde sett kvar av dei i. (1.M. 3.16 ff.). Kallet vart ikkje endra. Men det vart forbunde med slit og smerte inntil døden. Adams dom vart etter det kallet Gud gav han: «...skal jorda vera forbanna for di skuld...» Eva sin dom rammar i hennar kall som mor og hustru: «... med verk og vande skal du føda... din mann – han skal råda over deg.»

For å unngå mistyding: Mann og kvinne har like verd, dei har same frelse. Det er ikkje kjærare for Jesus å tilgje Peter enn Maria Magdalena. Men likskap i frelse opphevar ikkje den skilnaden på mann og kvinne som Guds sette i skapinga. Frelsa siktar på å føra oss attende til eit liv i glad lydnad mot Guds bod og vilje.

I ekteskapet: Ef 5:22 «De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren». Dette gjeld i alle ting (vers 24). Mannen er kalla til å vera hovud og leiar etter Kristi døme.

I kyrkjelyden: Her òg skal mannen vera hovudet og kvinna underordna seg. Guds ord i 1.Tim 2.11. og 1.Kor. 14.34. tillèt ho ikkje å vera mannens herre. Det er misforståing at dette berre gjeld i lærespørsmål. Det gjeld i alle ting. Difor skal ho ikkje stå fram som lærar med Guds ord i forsamlinga. Ho er heller ikkje kalla til å vera leiar for den.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Begge deler vil stri mot underordninga. Å arbeida for at kvinner skal inn i dei leiande stillingane og alle styrande organ, det er opprør mot Guds skaparordning og bod. Her nyttar ikkje å koma med ord om det allmenne prestedømme. Underordninga gjeld i det allmenne prestedømme!

Det vert sagt: «Dette er då ikkje eit frelsespørsmål. Lat oss ikkje strida om slikt. Lat oss stå saman om å få evangeliet ut.» Kven har lært kristne å snakka slik? Det var så viktig at når Adam let Eva leia seg mot Guds ord, så fall me alle. Me er under dommen fordi «du (Adam) lydde kona di». I 1.Tim. 2.14 brukar apostelen fallet til åtvaring og som grunngjeving for at underordninga framleis skal gjelda i Guds forsamling.

Skal tidsånda eller Herren få råda? Eg og mitt hus vil tena Herren!