FLASKENE: Kyrkjegjengarane har stort sett rekna seg som utanfor dei det gjeld. Det har nok stort sett vore riktig på grunn av den restriktive alkoholbruken hos kyrkjefolket. Det er no i ferd med å endrast. Flaskene vert no opna i kyrkjelege samanhengar mange stadar, sa biskop emeritus Lalia Riksaasen Dahl på eit seminar hos IOGT i Ålesund.

Barndomen sine rusopplevingar kan gje utfordringar seinare

Førebiletefunksjonen er viktig, særleg for ungdom.

IOGT Region Midt-Norge hadde eit seminar i Ålesund hausten 2019 der ein av førelesarane var tidlegare biskop Laila Riksaasen Dahl. Ho snakka om kyrkja sitt edruskapsarbeid, og sa mellom anna:

«Vaksne sine alkoholvanar betyr mykje for dei unge, og ein kan spørje om kva som er gode rammevilkår for ein lukkeleg oppvekst. Kva kan vi vaksne gjere? Barn som opplever at foreldra endrar seg ved påverknad av alkohol, er ofte utrygge og usikre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette blir det skrive og snakka ofte om, men lite om det som er endå verre: At vaksen-personen oppleves å vere utan verdigheit. Det er vanskeleg å sjå opp til og ha som førebilete ein ravande, snøvlande og ustø far eller mor som barna har måtte hjelpe til sengs. Det går djupare enn utryggleiken. Det gjer noko grunnleggjande med identiteten og sjølvbilete.

Heimen er eit globalt fenomen. I Bibelen står det om einskilte personar og heile hans hus. På Madagaskar snakka dei om dei som har same eldstad. Felles er at heimen er ein stad der ein høyrer til. Bjørnson skreiv: ‹Se, deri er jeg av snegle-arten, at huset bærer jeg med på farten.›

Barndomsheimen bere vi på heile livet. På godt og vondt. På vondt fordi huset er trua. Her kan foregå uhørte ting som overgrep og maktmisbruk, ofte i samanheng med rusmisbruk. Heimen er ikkje berre idyll. Rusmisbruk er ein aukande faktor som truar gode heimar.

Alkoholbruk er ei sak for kyrkja. Temaet var sak på Kyrkjemøtet i 1993 med tittelen ‹Alkohol som samfunnsproblem›. Tittelen er typisk for saka: Problemet projiseres ut på nokon andre – her på samfunnet.

Kyrkjemøtet uttaler: ‹Lidelsene for familiemedlemmer og pårørende har vist seg å være langt mer omfattende enn tidligere antatt.›

Ein kan spørje: Antatt av kven? Tydelegvis av ‹nokon annan›, nemleg av dei som det ikkje gjeld. Dei det gjeld har alltid visst om lidinga si omfang. Kyrkjegjengarane har stort sett rekna seg som utanfor dei det gjeld. Det har nok stort sett vore riktig på grunn av den restriktive alkoholbruken hos kyrkjefolket. Det er no i ferd med å endrast. Flaskene vert no opna i kyrkjelege samanhengar mange stadar.

Mykje av det vonde som alkoholen fører med seg kan vi lese oss til. Det er tala på dødsfall på grunn av alkoholrelaterte sjukdomar og ulykker, lengda på sjukehuskøar, trafikkuhell og samfunnskostnader. Viktigare, men mindre synleg er: Redusert tryggleik for den oppveksande slekt, valdsbruk i heimane, psykisk liding og nedsett livskvalitet for både den som brukar alkohol og for mange pårørande. Det er uvisst kva kyrkjefolket skjønar av det.

Anslagsvis reknar ein med at i Noreg er det 200.000 barn som lir på grunn av foreldra sitt alkoholmisbruk. Det går ikkje utan vidare over når dei vert vaksne. Mange av dei som har vakse opp i ein alkoholikarheim, er merkt for livet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For mange menneske som er vaksne, har det handla om det same som det handlar om for barn i slike heimar i dag. Ved alle merkedagar og storhendingar i familien er same hovudspørsmål: Vil pappa eller mamma vere edru?

Det gjeld ved alle viktige dagar frå fødsel til gravferd som ved barnedåp, fødselsdagar, konfirmasjon og bryllaup. Det gjeld og ved foreldremøte på skulen, ved andre foreldresamlingar og feiringar. Mange barn gruar seg til jul. Mange barn kan ikkje ta andre barn med heim. Mange ungdomar kan ikkje ta kjærasten med heim.

Det er ein altoverskyggande problematikk for dei det gjeld. Det er i stor grad fordi det dreier seg om skam. Fulle folk har mista si verdigheit. Dei som står utanfor, kan synest det er morosamt, men for dei nære er det pinefullt. Barna vil gjerne skjule at foreldra drikk.

Vi må rette søkelyset mot vaksne sitt alkoholkonsum, og sjå på forholdet mellom bruk og misbruk. Statistikken syner at 10 prosent av brukarane utviklar eit misbruk. Årsaka er det mange teoriar om. Kanskje kan det ligge i genane ein disposisjon for å verte alkoholavhengig.»

Laila Riksaasen Dahl meinte det var viktig med alkoholfrie sonar. Om dette sa ho «For tørrlagte alkoholikarar som kan sprekke, er tilgang til alkohol avgjerande. For dei som bør halde seg unna alkohol, bør det finnast stadar der dei slepp drikkepress.

For dei som direkte eller indirekte er ramma, er solidaritetssignal viktig. Førebiletefunksjonen er viktig, særleg for ungdom – ungdom tek etter dei vaksne sitt drikkemønster.

– Å sette søkelyset på dei vaksne si framferd, er det beste førebyggjande tiltaket. Det er lett å tenke at dette gjeld andre og ikkje meg. Det er ein farleg illusjon. Det å kunne komme til å utvikle eit alkoholproblem, kan gjelde meg.

Eg ynskjer ikkje å teste ut om eg er av dei ti prosentane som er særleg utsett. Til det er prisen for høg. Eg seier difor nei, og blir karakterisert som moralist og festbremsar. Det får våge seg. Det er naudsynt med ein motkultur. Det er snart ikkje ein stad med festleg samvær utan alkohol.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Til måtehaldsfolket vil eg gje følgjande signal: Eg er glad for alle som ynskjer å redusere alkoholforbruket, for alle som arbeider mot økt tilgang og helst vil redusere tilgangen. Men den største utfordringa er omsynet til dei som ikkje tåler å drikke utan å hamne utanfor. Vår felles drivkraft er omsynet til dei som lir under misbruk.

Dei har fortent at kyrkja og kyrkjeleg verksemd er alkoholfrie sonar. Heldigvis har fleirtalet av sokneråda innført alkoholfri altarvin. Det er ei viktig symbolhandling som signaliserer at kyrkja forstår problematikken. Dei som lir under eigen eller nære sin alkoholisme, har fortent at kyrkjefolket forstår meir av kva dette dreier seg om.»

Laila Riksaasen Dahl slutta seminarinnlegget sitt med å seie: «Eg har sett at det er mogeleg å komme ut av eit tilvere med alkoholmisbruk. Gjennom mitt arbeid i AA har eg møtt flotte oppreiste menneske som har reist seg frå eit liv avhengig av alkohol til eit nytt liv.

Det er fantastisk for dei, for alle rundt dei og for samfunnet. Vi er som kyrkje kalla til å vere gode medmenneske for dei som har det vanskeleg. Det vil eg gjerne bidra til. Livet er for rikt til å levast sløva og dopa. Nei til rus er ja til livet, til det gode liv i gode heimar, til våre medmenneske og til oss sjølv.»