KYRKJA: Her har kyrkja si store utfordring. Korleis skal vi få fleire til å delta i gudstenestene? Korleis skal vi få fleire til å melde inn barna sine til barnedåp? Korleis skal vi få fleire til å legge att pengar i kollektkorga eller gå til nattverd? skriv Ingunn Karijord. På biletet ser vi Østre Porsgrunn kyrkje.

Det finst ikkje stygge kyrkjer

Aksept for hva ord som er greitt å bruke, er noko vi gir vidare til våre barn. Å lære barna våre å fokusere på det som er stygt trur eg er ein dårleg veg å gå i barneoppdraginga.

Den kristne dagsavisa Dagen har gjennomført ei noko flatterande avrøysting. Lille spegel på veggen der, kva er den styggaste kyrkja i landet her? For så vidt ikkje overraskande var det Østre Porsgrunn kyrkje som vann avstemminga – den kyrkja fekk mykje omtale i byggjeprosessen.

Redaktør Vebjørn Selbekk forsvarar denne kåringa ovanfor NRK med at «en slik avstemning er både positiv og nødvendig», og seier vidare at «likegyldigheten er et problem for Den norske kirke».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som eg skreiv på Dagen sin facebookvegg om dette temaet, meiner eg ei slik kåring er fordummande journalistikk. Her er min argumentasjon for at eg meiner dette.

For det første handlar det om val av ord. Er det rett at ei kristen avis skal gi aksept for at vi skal fokusere på det stygge? Er det då greitt at vi begynner å snakke om stygge menneskjer og? Eit anna ord for kyrkje er gudshus. Er det greitt å seie at eit gudshus – huset der du skal ha eit møte med Gud – er stygt? Seier ein ikkje indirekte at Gud er stygg? Aksept for kva ord som er greitt å bruke, er noko vi gir vidare til våre barn. Å lære barna våre å fokusere på det som er stygt trur eg er ein dårleg veg å gå i barneoppdraginga.

For det andre tenker eg at avisa Dagen kan fokusere meir på kva som må til for å få fleire til å gå i kyrkja. Går ein inn i dei siste tilgjengelege statistikkane, er det minustal over heile lina. For å ta nokre tal frå www.ssb.no: I 2018 vart det arrangert rundt fire tusen færre gudstenester enn i 2013, kor nedgangen i same tidsrommet på gudstenestebesøkande var på rundt 640.000. Det har blitt arrangert fleire juleaftangudstenester i same tidsrom, men stadig fleire vel å bli heimeverande.

Folketalet i Noreg går opp, men medlemstalet i kyrkja går ned. Færre melder seg inn, men fleire melder seg ut, og stadig færre tar del i dei kyrkjelege overgangsrituala, nattverden og i kollektrunden rundt alteret.

Her har kyrkja si store utfordring. Korleis skal vi få fleire til å delta i gudstenestene? Korleis skal vi få fleire til å melde inn barna sine til barnedåp? Korleis skal vi få fleire til å legge att pengar i kollektkorga eller gå til nattverd?

Dette meiner eg bør vere sentrale tema å ta opp både i Dagens redaksjon og i alle sokneråda rundt i landet. Skal vi halde gudshusa i drift i tiåra framover og få nok prestar, må vi finne meir positive ting å fokusere på enn kva som er stygge kyrkjebygg. Då må vi gå djupare ned i materien enn overflatisk journalistikk.

PS! Det høyrer og med til historia at Østre Porsgrunn kyrkje melder om ei positiv auke på gudstenestedeltakarar etter at kyrkja opna i haust, ifølgje Vårt Land.