BIBEL: På Bibeldagen kan i alle fall vi gjera vårt til å oppmuntra – og læra frimod av – kinesiske kristne som må kjempa for trua, skriv Johannes Morken. Biletet er frå ei kyrkje i Beijing.

Støtt Kina-kristne under hardt press

Kinesiske kristne treng all den støtte og oppmuntring dei kan få, pressa som dei er av eit totalitært regime som meir og meir harhendt knblar trusfridommen.

Grip djupt i lommeboka eller bankkontoen under kyrkjeofferet til Bibelselskapet søndag. På Bibeldagen er søkelyset med god grunn retta mot Kina. Millionar av frimodige kristne i det mest folkerike landet i verda treng meir enn nokon gong ei solid handsrekning og forbøn for å stå i det tøffe politiske presset, med både liv og tru.

Denne søndagen hindrar forresten også corona-viruset kristne i delar av Kina å møtast til gudsteneste, endå eit tema for forbøn både for Kina og dei truande i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kyrkjene i Kina har dei siste 6-7 åra opplevd eit kraftigare og kraftigare maktgrep frå kommunistpartiet. Dei offisielt registrerte kyrkjene i Kina – både den katolske kyrkja og den protestantiske Tre sjølv-kyrkja – har under president Xi Jinping vore under hardare og hardare press. Situasjonen har variert frå provins til provins, verst har det vore i den store Henan-provinsen.

Det politiske prosjektet vert kalla «kinesifisering» av religion. Alle trussamfunn vert forsøkt tvinga inn i ei rolle i den kommunistiske samfunnskontrollen.

Nokre kyrkjer, både protestantiske og katolske, er lagde i grus. Prestar er mellom dei arresterte. Nokre kyrkjer er øydelagde. I delar av landet er krossar rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Sosialistiske songar er pressa inn i gudstenester. Hardt prøvde kinesiske kristne har, trass i dette, frimodig teke salmeskatten føre seg så fort dei har fått unna pliktløpa.

Dei siste politiske grepa kom 1. februar. Då vart nye administrative reguleringar innførte for alle religiøse organisasjonar. Magasinet Bitter Winter har offentleggjort ei samla engelsk omsetjing av alle dei 41 reguleringane. I artikkel 5 heiter det: «Religiøse organisasjonar må støtta leiarskapen i Det kinesiske kommunistpartiet ...» Dei vert pålagde å vera sjølvberga, altså ikkje ha band til utlandet. Og dei må lydig følgja retningslinene i «kinesifiseringa av religionar i Kina» og byggja på «kjerneverdiane i sosialismen».

I artikkel 17 vert dette utdjupa. Religiøse organisasjonar skal gjera lover, reguleringar og retningsliner frå kommunistpartiet kjende slik at både lekfolk og prestar skal «støtta Det kinesiske kommunistpartiet» og «støtta det sosialistiske systemet...» I regelverket er det slått fast ei omfattande plikt til rapportering både av finansar og aktivitetar. For å nemna noko av alt dette som gjer at situasjonen går frå ille til verre i eit land som utviklar seg som eit totalitært diktatur.

Etter at den blodige Kulturrevolusjonen vart stogga, vart det nokre tiår med friare vilkår for religion. Dei sameinte bibelselskapa sitt store bibeltrykkeri i Kina, opna tidleg på 90-talet, er eitt døme på det. Den registrerte Tre sjølv-kyrkja er formidlingssentral for biblar, kvar på sin stad. Tre-fire millionar biblar i året frå trykkeriet i Nanjing har vore og er ei vitamininnsprøyting i kyrkjelydane. Her er det kristne som kan sin bibel.

Gjennom åra har også mange uregistrerte kyrkjer uoffisielt fått biblar gjennom dette systemet. Grensene mellom uregistrerte og registrerte har ein del stader ikkje vore altfor skarpe‚ somme stader har kristne gått begge stader. Dei uregistrerte kyrkjene, medrekna dei mange huskyrkjene, har prinsipielt ikkje vilja leggja seg inn under Det kinesiske kommunistpartiet sitt kontrollsystem ved å søkja registrering. Ein del har til og med halde seg heilt unna samarbeid også med dei registrerte kyrkjene og skaffa seg biblar frå illegale trykkeri.

Når det totalitære partipresset og det harde maktgrepet på nytt kom med full tyngde under president Xi Jinping, forstår vi godt kvifor dei uregistrerte kyrkjene er nettopp det. Men også dei er no utsette for makta i Beijing. Kommunistpartiet har som mål å tvinga dei uregistrerte til å søkja registrering og gje etter for kontroll. Eller å få politiet på døra og bli stengde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å visa musklar – og senda signal – har regimet stengt mellom anna fire store og kjende, uregistrerte kyrkjer i store byar. To av dei låg ope til i Beijing og ei i Guangzhou. I Chengdu blei kyrkja Early Rain før jul i 2018 utsett for ein massiv politirazzia. Kyrkja blei stengt. Pastor Wang Yi blei i desember 2019 dømt til 9 års fengsel. Ein annan leiar fekk fire års fengsel nokre dagar før.

Kampen for kontroll med all religion går for Det kinesiske kommunistpartiet hand i hand både med overgrep mot Falun Gong og fengsling av menneskerettsaktivistar. Og den går hand i hand med brutal og hardhendt makt for å kontrollera etniske minoritetar. Brutaliteten mot uigur-folket i Xinjiang er det mest slåande. Dei fleste uigurar er muslimar, men det finst også nokre kristne. Trusfridommen til både muslimar og kristne i leirane vert også knebla. Moskear vert knuste.

Vi er glad for at Noreg saman med andre land i FN legg tydeleg press på Kina i protest mot brutaliteten i Xinjiang, der over ein million menneske er sperra inne i leirar under eit dekke av kamp mot ekstremisme. Kneblinga av trusfridommen og andre menneskerettar har i mindre grad kome fram i det store nyhendebiletet. Her trengst det også protest.

På Bibeldagen kan i alle fall vi gjera vårt til å oppmuntra – og læra frimod av – kinesiske kristne som må kjempa for trua.