REKKEVIDDE: Det same må gjelde dei mange unådde, sett i misjonsperspektiv. Kanskje er dei ikkje så langt utanfor rekkevidde som vi gjerne tenkjer oss? spør Olav Vestbøstad. På biletet ser vi indonesiarar som har kome til heimlandet frå Wuhan i Kina.

Den globale landsby

«Ytterst i verden, ytterst i vest». Slik opnar Ola Bremnes songen «Har du fyr?». Norge er ein utkant i verda og her lever me våre liv. Me er nok mest opptekne av dei nære ting, men me vert ofte minna om at våre eigne liv heng saman med resten av verda.

I skrivande stund skulle eg ha vore i Asia. Grunna coronaviruset vart turen avlyst. NRK melder 3. februar at i underkant av 400 personar har døydd av viruset og litt over 16000 er smitta. Talet på døde og smitta aukar frå dag til dag. Børsane i Kina fall med over 8 prosent då dei opna igjen etter feiringa av kinesisk nyttår. Over heile verda, inkludert Oslo Børs, er aksjekursane prega av virusutbrotet i Kina. Kinesiske turistar er ei viktig inntektskjelde for mange. Flyruter til og frå Kina blir kansellerte, og det vert vanskeleg å kome seg ut av, så vel som inn til Kina.

Det fyrste dødsfallet knytta til coronaviruset utanfor Kina skjedde i Filippinene 1. februar. Det er registrert smitta personar i 32 land over heile verda, og det er sannsynlegvis berre eit tidsspørsmål før også Norge får sin fyrste pasient med coronasmitte. Mange apotek i norske byar og tettstader melder om at dei er utselde for munnbind. Kinesiske turistar og studentar i Norge sender munnbind til familie og venner i Kina. Nordmenn er stadig på reise og mange kjøper munnbind til seg sjølv fordi dei skal ut på tur. Sjølv om talet på døde og smitta er relativt lågt samanlikna med andre sjukdomar, påverkar coronaviruset oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til samanlikning døydde det i 2016 heile 445 000 personar av malaria, ifylgje nettutgåva til Store norske leksikon. 216 millionar menneske vart malariasmitta same året. Samanlikna med dette, er tala frå coronaviruset svært små. I og med at dette viruset er nytt, og det enno ikkje er utvikla medisinar og vaksiner, vert me usikre. Og media bidreg ikkje til å dempe frykta.

Økonomi, kommunikasjon, helse og kultur blir i ulik grad prega av at menneska på jorda ikkje lever isolerte frå kvarandre. På 1960-talet lanserte den canadiske filosofen og medieteoretikaren Marshall McLuhan biletet «Den globale landsby», for å illustrere korleis me globalt er avhengige av kvarandre. Moderne media og kommunikasjon har redusert distansen mellom oss. Eit virusutbrot på ein fiskemarknad i Wuhan i Hubei-provinsen Kina får konsekvensar for salet av munnbind på apoteket på Heimdal i Norge. «Alt heng saman med alt,» sa Gro Harlem Brundtland.

NRK har produsert eit par sesongar av tv-programmet «Jorden rundt på 6 steg». Teorien er at alle menneske på jorda er knytte saman gjennom seks ledd av kjennskap. I dette programmet skal to kjendisar finne fram til eit spesielt menneske ved å spørje ein tilfeldig person ein eller anna plass på jorda, om dei kjenner nokon som kan hjelpe dei til å kome i kontakt med vedkomande i ein heilt annan del av verda. På maksimalt seks steg skal dei så finne fram til den personen som er plukka ut for dei. I dei programma eg har sett, har dette fungert. Verda er ikkje så stor som ein skulle tru!

Dersom det er slik at uansett kven det skulle vere, kvar som helst på jorda, berre er seks ledd av kjentfolk unna meg sjølv, gjer det noko med måten eg tenkjer på framande på. Dette viruset smittar mange som berre er seks «sjumilssteg» unna meg, og gjer livet vanskeleg for uendeleg mange fleire. Det same må gjelde dei mange unådde, sett i misjonsperspektiv. Kanskje er dei ikkje så langt utanfor rekkevidde som vi gjerne tenkjer oss? Det gjeld å starte ein plass, ta det første steget, så opnar vegane seg til det neste. Slik var det for Paulus, og slik er det også for oss.

Ola Bremnes sin song handlar om at det er viktig å vete kvar ein høyrer til, og at det er nødvendig å ha noko som hjelper ein til å finne ein trygg kurs i livet. I dette landskapet er det nødvendig å ta inn over seg at liva våre ikkje er isolerte frå resten av verda. Det som skjer i Wuhan får konsekvensar for meg. Sameleis vil det som tek til «ytterst i havet, ytterst i vest», også kunne få store ringverknader i andre delar av verda.

Det var nettopp det som skjedde då iveren etter å nå kinesarane med evangeliet spreidde seg på Vestlandet på slutten av 1800-talet. Misjonærar frå vest sette kursen mot det store riket i aust, slo seg ned i Hubei, og i dag er det mange kristne der. Første steget, kven veit kvar det endar?