Misjon Sarepta – ikkje diktatur

I samband med at Norges Samemisjon og Misjon Sarepta har inngått intensjonsavtale for samanslåing av organisasjonane, har det kome (til dels sterk) kritikk av Sareptas organisasjons- og styringsstruktur.

Denne er ikkje demokratisk, vert det sagt, og det vert brukt som argument mot samanslåing. Den sterkaste kritikken så langt har kome frå Kjell Magne Hauge (Dagen 3/2). I det Hauge skriv, er det både faktafeil og karikerande framstilling, som eg må få gå i rette med.

Ein god del av det som er kome av kritikk mot at det er inngått intensjonsavtale mellom Samemisjonen og Sarepta, går på formalia og prosedyre i behandlinga i Samemisjonen, ikkje minst frå dei «66» i Stavanger krins. Dette er ein kritikk som Samemisjonen må svara på, men frå Sarepta si side ser vi ikkje grunnlag for slik kritikk, ut frå den faktiske situasjonen i Samemisjonen, vedtektene og tidlegare vedtak. Vi har difor funne grunn til å kunna inngå intensjonsavtale i noverande situasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når spørsmålet om samanslåing og intensjonsavtalen med Sarepta skal drøftast i Samemisjonen, kan ikkje spørsmål om formalia og prosedyre avgjera saka i siste instans. Det må vera substans i argumentasjonen ut frå Samemisjones faktiske situasjon og den organisasjonen ein tenkjer slå seg saman med. Då er det naturleg at Sarepta vert vurdert ut frå sine vedtekter og ut frå det faktiske arbeidet ein har, men då krevst det også at presentasjonen av Sarepta er korrekt.

Misjon Sarepta er stifta på bakgrunn av det ein kjende som eit kall frå Gud til å nå spansktalande og nordisktalande med evangeliet. Målet er å skapa møteplassar mellom Guds ord og folk. For venner av Samemisjonen bør dette vera eit sentralt utgangspunkt for å vurdera om Sarepta vil vera ein god organisasjon å slå seg saman med, særleg ut frå at Sarepta ønskjer å styrka forkynninga i Norden.

Det er rett at Sarepta er ein ny og liten organisasjon, og nett det kan vera ein fordel i ei samanslåing med Samemisjonen. Om dei to organisasjonane har svært ulik alder, er dei omtrent like store i arbeid. Sarepta er ikkje ein «vennegjeng». I tillegg til ca 70 støttemedlemmar er det ei rekkje faste gjevar og støttespelar over heile landet og frå ulike delar av Kristen-Noreg, og relativt sett mange i Nord-Noreg.

Når Hauge skriv at Samemisjonen si styringsform «er vanleg i dei fleste lag og organisasjonar», er dette svært upresis og delvis feil. Det er vanleg for alle organisasjonar som vart starta i Noreg på 1800-talet, anten det var skyttarlag, interesseforeiningar eller misjonsorganisasjonar. Det var ei organisasjonsform som sprang fram av samfunnet, ikke av Bibelen.

Det var ei demokratisk organisasjonsform som ein fann tenleg for mange slags arbeid, og misjonsorganisasjonane som slik vaksa fram, har vore til stor velsigning. Ser ein globalt og historisk på det, er slike organisasjonar nokså uvanlege. Det er kyrkjesamfunn og andre organisasjonsformer som er mest vanlege. Her i landet har det heller ikkje vorte stifta nye kristne organisasjonar av den «gamle» sorten den siste generasjonen. Ein har vald enklare organisasjonsformer.

Om ikkje Sarepta er demokratisk oppbygd som Samemisjonen, er ikkje diktaturet organisasjonsforma. Pillarane i strukturen er støttemedlemmar, landsmøte og styre. Styret er sjølvsupplerande for fire medlemmar og ein varamedlem, og støttemedlemmane vel ein styremedlem og ein varamedlem på landsmøtet. For alle styremedlemmane er det trårsperiodar. Det er viktig å merka seg atheile styret står ansvarleg overfor landsmøtet ved at dette godkjenner rekneskap og årsmelding, og gjer vedtektsendringar og drøfter arbeidet. Slik er det ikkje i diktatur. Viser det seg at noverande struktur ikkje er tenleg i framtida, kan landsmøtet endra vedtektene.

Ved at det er eitt styre for heile organisasjonen, er det kort veg til styret for misjonsfolket og tilsette, og det opplevest som eit demokratisk gode. Dessutan arbeider styret etter konsensusmodellen, der faste styremedlemmer, varamedlemmer og tilsette vert inkluderte og drøftinga vert oppsummert til vedtak. Også dette er ei demokratisk element.

Alle som vil, kan kan støtta Sarepta sitt arbeid, og mange gjer det – ikkje minst unge kristne. Dei som vil prioritera arbeidet på særleg måte, kan verta støttemedlemmar. Studentar betalar då kr. 300, andre under 35 år kr 500 og dei over 35 kr. 1000 per månad. Sett i lys av dagens inntekter og tiende, er dette ikkje svært høge summar, og særleg ikkje sett i lys av det tidlegare generasjonar gav til Guds rike ut frå sine inntekter. Dette er summar som kan endrast ved eit enkelt styrevedtak, om det skulle visa seg å vera ønskjeleg. Ingen «betaler» for å sitja i styret, men ein må vera støttemedlem for å kunna veljast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er feil å framstilla intensjonsavtalen som om noverande Samemisjonen vert lagt ned og alt av midlar og arbeid vert overført til noverande Misjon Sarepta. Det er to likeverdige organisasjonar som vert slått saman til ein organisasjon, sjølv om ein har vald å halda fram ut frå den eine organisasjonens namn og struktur. Det er den samanslåtte organisasjonen, det vi kunne kalla «NYE Sarepta», som skal disponera midlane og føra arbeidet vidare, med det målet at begge organisasjonane sitt arbeid skal vert styrka. For Samemisjonens del kjem dette til uttrykk mellom anna ved at ein skal tilsetja ein leiar for Nordkalotten, ein stilling som ikkje er i dag.

Som eit uttrykk for at det dreier seg om ei reell samanslåing, vil to medlemmar av styret for dagens Sarepta gå ut, og to som vert utpeikte frå Samemisjonen går inn. Det er feil når Hauge skrive at dei alt er utnemnde av landsstyret. Det vil skje etter eventuell samanslåing er vedteken.

Som alle tilsette i Sarepta held fram i den samanslåtte organisasjonen, vil alle tilsett i Samemisjonen få tilbod om å halda fram, men det kan vera i delvis andre stillingar og funksjonar. Formelt vil tilsetjinga skje når den samanslåtte organisasjonen eventuelt er eit faktum. Ingen misser jobben sin.

Sarpeta har ikkje «milliongjeld på eit feriesenter/bibelskule for velståande nordmenn i Spania». Det er ein ufin karikatur. Det er ikkje banklån på Centro Sarepta, men det er ca kr. 8 mill i private lån som er rente- og avdragsfrie i fem år, og der ein del har vore og vil verta konverterte til gåver. Eigedomen har truleg ein verdi på rundt kr. 15 millionar. Det dreier seg om eit bibel- og opplæringssenter der hovudoppgåva er å nå spansktalande med evangeliet til frelse, og der nordmenn kan få kristen undervisning.

Alt misjonsarbeid er avhengig av tillit mellom misjonsfolket og styret/leiinga, og i Sarepta sin modell er dette særleg framtredande. Dette er eit viktig demokratisk element som føreset opne forhold. Dei som har tillit til styret og arbeidet, støttar dette ved forbøn, gåver og teneste. Arbeidet når så langt som støttespelarane er med.