RESPEKT: Eg ynskjer meg eit samfunn der me kan vere ueinige, men på tross av ueinigheit ha ein gjensidig respekt for kvarandre sine ulike livssyn og verdiar, skriv Torkel Johannes Bjuland. Biletet er frå Oslofjord Convention Center.

Handballforbundet med ein nullvisjon for toleranse

Ueinigheit er viktig for eit godt velfungerande demokrati, men i denne saka meiner eg at det bør gå an å leie lokalar av menneskjer du ikkje er einig med i alt. 

For eit par dagar sidan vedtok styret i Noregs Handballforbund at dei skulle avlyse arrangementa sine hjå Oslofjord Convention Center. Eg meiner me bør kunne vere ueinige i teologiske spørsmål, men likevel klare å respektere kvarandre sine meiningar. Det inneber å kunne leige lokalar av kvarandre på tross av ulike syn i spørsmålet om likekjønna ekteskap.

Sporten og idrettsverden har ein stor innflytelse for verdiane til born i alle aldrar. Eg skulle ynskja meg at handballforbundet brukte denne moglegheita til å visa respekt og toleranse for andre sine meiningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei valde heller å vise born og ungdommar ei intolerant linje, og som ikkje godtek andre meiningar enn det forbundet sjølv ynskjer.

Ueinigheit er viktig for eit godt velfungerande demokrati, men i denne saka meiner eg at det bør gå an å leie lokalar av menneskjer du ikkje er einig med i alt.

Boikott på grunn av livssyn er noko handballforbundet burde ha haldt seg for gode for. Dette viser tendensen til at organisasjonar viser ei mistolking av det «å vere for alle», og heller viser ein utestenging og diskriminering av konservativt livssyn.

Å boikotte noko på grunn av livssyn er å oppgjere seg ei politisk meining. Tankegangen me ser i dagens samfunn viser at for at objektive organ skal fremme toleranse av dagens standard, må ein gjere seg opp ei politisk meining, sjølv om det skader nøytraliteten.

I staden for å halde seg objektiv, så vel Handballforbundet å følgje ei politisk meining. Dei veljar ei side, og dette skapar eit skille for dei som er ueinige.

Eg ynskjer meg eit samfunn der me kan vere ueinige, men på tross av ueinigheit ha ein gjensidig respekt for kvarandre sine ulike livssyn og verdiar. Nå må Handballforbundet tenke over kva verdiar dei vil fremme i idretten. Dei må forstå at vedtaket deira er lite tolerant og inkluderande, noko som ikkje skikkar det handballforbundet eg kjennar.