Emblem bedehusforsamling er en av de største bedehusforsamlingene på Sunnmøre og har rundt 200 medlemmer. Foto: Google Maps

Sjølvmotseiande argumentasjon om kvinnelege eldste

Ein kan ikkje vera både for og mot kvinnelege eldste samstundes, i alle fall ikkje i praksis. Anten har ein kvinnelege eldste eller ikkje.

Eg takkar Arild Ove Halås, styreleiar i Emblem bedehusforsamling, for innlegget i Dagen 16/1 om « Kvinnelege eldste i Emblem bedehus». Innlegget gir høve til nokre fleire refleksjonar om temaet enn det eg fekk med i min artikkel « Kvinnelege eldste svekkar det åndelege leiarskapet».

Halås presenterer meg som «tidligere redaktør» i Dagen, og det har eg ingen ting imot. Men både underteikna og noverande redaktør forstår seg nok på korleis intervju og reportasjar verkar, og at ikkje alt kjem med. I mi tid som redaktør var spaltene svært opne for intervjuobjekt og andre som meinte Dagen hadde framstilt deira synspunkt feil eller misvisande, slik er det nok no også.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom Halås ikkje var nøgd med presentasjonen av saka i Dagen, var det hans ansvar å få det retta. Dersom det var direkte feil, var det hans plikt å gjera det. Det har ikkje skjedd, og ut frå innlegget 16/1 kan eg heller ikkje sjå at det var behov for det.

No skreiv eg rett nok primært som formann i Misjon Sarepta. Det som skjer på bedehuset, influerer også på Sarepta sitt arbeid. Dessutan er eg medlem i ImF, og har min åndelege heim der. Eg har gjennom åra skrive fleire tusen artiklar, særleg i Dagen.

Det er få som har engasjert slik som den siste, og som har fått så stor tilslutning. Fleire er nok opptekne med saka enn Halås synest å ha oppfatta. Sambåndet melder dessutan at hyrderådet i ImF vil ta saka opp på eige initiativ, og det er rimeleg sjeldan ImF-leiinga gjer slikt overfor lokale forsamlinga eller foreiningar, i alle fall historisk sett. Det viser at ein ser alvorleg på saka, jfr. óg reportasjen i Dagen med krinsleiarane.

Halås hevdar at eg har dikta opp en «virkelighet som ikke eksisterer», og at eg tillegg han og forsamlinga synspunkt som dei ikkje har. Det er ein uvanleg sterk kritikk, fordi det framstiller meg som løgnar.

Eg kan ikkje sjå av det Halås skriv, at eg har fare med løgn, dikting eller fantasi. Så langt eg kan vurdera det, stadfester og utfaldar styreleiaren det som kom fram i den første reportasjen. Sakleg sett er det lite nytt i Halås sitt innlegg, men det er nokre presiseringar.

Eg har rekna som sjølvsagt at det var ein grundig prosess i forsamlinga fram mot vedtaket, og eg har rekna som sjølvsagt at forsamlinga ønskjer å halda fast på Guds ords autoritet og vera bibeltru. Eg har difor ikkje kommentert den sida ved saka.

Eg har kort og godt ikkje vore oppteken med bestemte personar eller den bestemte forsamlinga, men med prinsipp, argumentasjon, handlemåte og konsekvens i saka. Det Halås skriv, endrar ikkje på noko av dette.

Det er svært tydeleg i det Halås skriv, at han tonar ned alvoret i spørsmålet om kvinnelege eldste, eller det som vi før omtala som kvinnelege prestar, i forhold til korleis dette tidlegare er oppfatta i ImF og på bedehuset. Det gjer han ikkje ved å gå teologisk eller eksegetisk til verks, men kort og godt ved å visa til at det er ulike syn mellom bibeltru kristne i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er med respekt å melda ikkje noko argument i saka. Det er berre ei konstatering av fakta. Det hjelper lite å visa til at ImF seier det er ulike oppfatningar av saka i organisasjonen. Det er ei konstatering på personnivå.

ImF argumenterer derimot konsekvent ut frå Bibelen for eitt syn, eller for eitt lærestandpunkt i saka, og tek konsekvensen av det. Halås flytter saka frå å vera eit lærespørsmål, til eit ordningsspørsmål. Det skjer trass i at han seier det er «et viktig bibelsk spørsmål», altså eit lærespørsmål.

I den første presentasjonen gjorde Halås det klart at det ikkje var grunnlag i forsamlinga for noko anna enn eit eldsteråd der også kvinner kunne veljast, og då måtte den teologien ImF står for, vika. Dette utfaldar han no ved å visa til at Normisjon og ImF oppfattar spørsmålet ulikt, og seier «argumentasjonsrekkene» i begge desse organisasjonane dannar bakgrunn for vedtaket.

Det er ein sjølvmotseiande argumentasjon. Saka er den at ein ikkje samstundes kan vera for og mot kvinnelege eldste, i alle fall ikkje i praksis. Anten har ein kvinnelege eldste eller ikkje. I dette høvet er ImF sitt syn sett til sides. Det er sjølvsagt alvorleg for organisasjonen, men enda meir for bibeltruskapen. Det ville vore mykje betre å la vera å oppretta noko eldsteråd, enn å opna for kvinnelege eldste.

Saka er den at når ein argumenterer med at ein ikkje kan koma fram til ei bestemt lære i Guds ord på eit punkt, undergrev ein at Bibelen er klar og har ei lære. Det er svært viktige punkt i bibelsynet, og var avgjerande for det som skjedde under reformasjonen.

Denne forståinga av Bibelen ligg til grunn for prinsippet om Skrifta åleine. Alle problematiseringsargument kolliderer med dette prinsippet. Om ei forsamling isolert sett kan finna «en samlende vei» på denne måten, samlar det ikkje Guds folk over tid, tvert imot. Dessutan er det ei prinsipptenking som over tid, om ikkje i morgon, kan få konsekvensar for mange lærespørsmål.

Til sist. Eg meiner ikkje generelt at «å åpne ulike funksjoner for kvinner», undergrev det åndelege leiarskapet. Mitt poeng er at det å stadig definera fleire stillingar, funksjonar og verv – som ikkje å ha utøving av lære- og hyrdingfunksjon – for så å opna dei for kvinner, innsnevrar denne funksjonen.

Det gjeld uavhengig av om det er kvinner eller menn som så går inn i dei aktuelle stillingane eller verva, fordi ein då ser etter andre kvalifikasjonar og har anna fokus i tenesta. I tillegg har eg sagt at kvinnelege eldste svekkar det åndelege leiarskapet. Slik er det sjølvsagt om tenestedelinga er bibelsk rett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette viser at den «både og»-tenkinga som Arild Ove Halås­ gjer seg til talsmann for, er ­prinsipielt umogleg.

Les også
Kvinnelige eldste i Emblem bedehusforsamling
Les også
Kvinnelege eldste undergrev åndeleg leiarskap
Les også
Ber ledelsen avklare kvinners rolleTjenestedeling
Les også
Kvinner i eldsterådet
Les også
Kvinner får læremakt på bedehus
Les også
ImF og kvinnelige eldste – nok en skanse faller