illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Politikarar må lytte til dei utan stemmerett

Å snakke med ungdom og lytte til deira erfaringar gir ei viktig innsikt i dei saka som betyr noko for dei.

Frå 2020 er det lovfesta at alle kommunar skal ha eit ungdomsråd. Det er gledeleg, men ungdommane må bli meir enn berre pynt. Alle kommunar og fylkeskommunar er forplikta til å inkludere barn og unge i sakar som angår dei.

Ungdomsråda er talerøyret deira overfor politikarane og styresmaktene. Det er eit viktig reiskap, både for lokalsamfunnet og ungdommane sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

FNs barnekonvensjon slår fast at barn har rett til å si meninga si og at deira meining skal bli tatt på alvor. Å ha eit aktivt ungdomsråd bidreg til dette, og er òg viktig for ungdommanes meistring, sjølvtillit og utvikling.

Som barneombod er eg opptatt av at vi skal hente kunnskap frå dei verkelege ekspertane – nemleg ungdommane sjølv. Barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i alle avgjersler som påverkar barn og unge.

Vi vaksne trur ofte vi veit best, og at våre råd og reglar passar for barn og ungdom. Dette er ikkje alltid tilfelle. Om de blir inkludert i relevante sakar, vil det gi lokalsamfunnet eit betre tilbod og tenester for barn og unge.

Heldigvis har dei aller fleste kommunane allereie har eit ungdomsråd, men dei må nyttast på riktig måte. Eg har laga syv enkle bod til denne viktige jobben:

1. Vurder saman med ungdomsrådet om rådet bør få eit budsjett som dei sjølv kan råde over.

2. Gi ungdomsråda sakene på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Dei må få ei reell moglegheit til å påverke utfallet. Når saka er komet så langt at den behandlast i komitéar eller utval, er handlingsrommet lite.

3. Sørg for god opplæring slik at rådet er i stand til å gjere ein god jobb.

4. Skap ein kultur bland politikarane og tilsette i kommunen på at ungdomsrådet alltid skal høyrast i sakar som angår dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

5. Gi ungdommane ein eige kontaktperson i kommunen som gir dei god hjelp. Mange har mykje å gjere på skulen og treng hjelp til administrativt arbeid. Ver bevisst på at den som gjer dette, er skikka til oppgåva.

6. Synleggjer ungdommanes meiningar gjennom kommunens kanalar og lokale media.

7. Gi ungdomsråda møte- og talerett i kommunestyret. Det er ein effektiv måte å sikre at dei får ein arena der synspunkta deira kan komme til syne for dei som bestemmer.

Å snakke med ungdom og lytte til deira erfaringar gir ei viktig innsikt i dei saka som betyr noko for dei. Eg håpar både kommunar og fylkeskommunar over heile landet fortset å inkludere unge i arbeidet for eit betre lokalsamfunn.