FRYKT: SKNs forklaringsmodell for at andre har konkludert annleis, er enkel og innlysande: alle andre er drivne av frykt, skriv Sofie Braut.

Skeivt maktspråk

Ein invitasjon går frå hyggeleg til ubehageleg når tonen vert nedlatande og prega av banal belæring.

Skeivt Kristent Nettverk (SKN) tek gjennom ein lang artikkel både i avisa Dagen og Vårt Land (9.12.) kontakt med kyrkjelydsleiarar over heile landet med ein hyggeleg og personleg appell: «vi vil gjerne snakke med deg». Livet har lært meg at det skal sitja langt inne å ta ein invitasjon i noko anna enn beste meining. Likevel får språket SKN brukar meg til å kjenna djup indignasjon på vegner av alle som fremmer eit klassisk og økumenisk syn på samliv, seksualitet og ekteskap.

SKN er eit nokså nyetablert nettverk og i innlegget presenterer kontaktperson Tor Håkon Eiken nettverkets arbeid og inviterer kyrkjeleiarar til ein nærmare dialog. Alt dette er lett å skjøna. Sjølvsagt har alle som er i ein etableringsfase behov for å koma fram med sitt program og bodskap, og invitera til møtepunkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Problemet er artikkelens gjennomført nedlatande tone overfor alle som tenkjer annleis enn grunnleggarane og medlemmene sjølv. «Om frykten sier til deg at SKN er farlige, så vil jeg si deg: Ikke frykt!», opnar artikkelen med ein sjølvsikker allusjon til bibelsk openberring. Heilt generelt er det merkeleg å tiltala medmenneske slik. Det verkar også rart og invaderande å implisera at frykt og kunnskapsløyse er essensen andre sine teologiske resonnement.

Artikkelen følgjer same sporet vidare: «Frykt er som kjent en dårlig rådgiver (…) Når vi frykter, skaper vi fiendebilder og danner grupper i våre egne følelser om hvem som er de gode og hvem som er fienden. Små grupper, særlig de vi ikke kjenner, havner fort i den siste kategorien.»

Her tyr artikkelforfattaren til vi-språkets nedlatande pedagogikk. Den seier ikkje rett ut, men insinuerer likevel at du ikkje heilt har «skjønt det». Hjelpa er likevel nær, i kraft av at nokon bøyer seg ned til mitt nivå. Vi høyrer som eit ekko frå farne tiders overlegne helsepersonell: «Korleis har vi det i dag, har vi tatt medisinen vår?»

Når Eiken seinare prøver ut ei litt meir open tilnærming: «Frykt er kanskje grunnen til at SKN ikke klarer å komme i dialog med mange menigheter eller kristne organisasjoner», har vi jo alt tatt poenget. SKNs forklaringsmodell for at andre har konkludert annleis, er enkel og innlysande: alle andre er drivne av frykt. Alle vi andre må berre sjå å få kome oss litt ut i verda, ut frå «bibelgruppesamlingene» der vi i følgje Eikens enkle generalisering brukar tida på ufølsame «konspiratoriske uttalelser», primært om skeive.

Artikkelen når sitt arrogante klimaks når deira flinkaste bibellærar Elisabeth, vert presentert og anbefalt (rett nok berre med fornamn og kjønnsidentitet). SKN hektar her på ein garanti om at «livet blir beriket av å være sammen med mennesker som ikke er helt lik deg selv», og her skjønar vi at vi ikkje lenger les ein invitasjon, men ei fornærming.

Det er ei stor og samansett gruppe erfarne, reflekterte og kunnskapsrike menneske frå mange slags bakgrunnar som er adressatar her, og det er eit lågmål å tiltala dei som om dei lever utan kontakt med omverda.

Eg skjønar at meininga er å retta ut ei hand til oss som trur at ekteskapet ut frå Bibelen er ei ordning for ein mann og ei kvinne. Eg skjønar at de gjerne vil nytta det formidable momentum som vår tid tilbyr for å fremma dykkar perspektiv. Men ein slik nedlatande tone fremmer ikkje den gode samtalen. Spørsmål om samliv og seksualitet er det mange som har arbeidd teologisk med i årevis og mange er komne til ein annan konklusjon enn dykk. Dei trur noko anna, ikkje ut frå manglande kunnskap, isolasjon eller vondsinn.

Det er svært ubehageleg når nokon i samfunnsdebatten framstiller seg sjølv og eigen organisasjon som innehavarar av «utrolig tilgivende holdninger», mens andre får rolla som fryktstyrt og uopplyst.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I tillegg serverer SKN lettvinte løysingar på djuptgripande teologiske motsetnader: «Om frykten overmanner deg som er pastor, slik at du ikke våger å vie to gutter, så vil vi si til deg: Ikke Frykt. SKN kan gjennomføre vielsen (…) om noen blir sint på deg på grunn av ekteskapet, så får du legge skylden på SKN.»

Det ligg ein premiss om at pastorar med eit anna syn ikkje berre er fryktdrivne, men i tillegg komplett overflatiske i si tilnærming til desse spørsmåla. Dei treng berre nokon å skulda på, så er alt ok. Det bør vera unødvendig å påpeika det, men ei slik framstilling røper manglande innblikk i teologiske spørsmål mange kloke menneske har brukt mykje tid på.

Om Skeivt Kristent Nettverk eigentleg ønskjer dialog, eller om dette berre handlar om å presentera eigne synspunkt og eige arbeid er eit ope spørsmål etter å ha lese Tor Håkon Eikens artikkel. Finst det reell respekt for at andre opplever seg heilt annleis forplikta ut frå teologi og bibelsyn, så kjem det lite til uttrykk i artikkelen til Eiken.

Det er ikkje så greitt å vita korleis ein skal møta eller samtala med ei gruppe som utan å blunka retorisk monopoliserer trua sin hovudperson, dei som «har møtt en Jesus som var totalt annerledes. Han sto for inkludering!» Det er synd at slik lettvint retorikk finn vegen inn i noko ordskifte ettersom det både skaper avstand og trivialiserer trua.

Les også
Ingen grunn til å frykte Skeivt Kristent Nettverk