AUTORITÆRT LAND: Det sjia-muslimske regimet som greip makta i Iran i 1979 har skapt landet om til eit hardhendt autoritært islamistisk land. Bildet er frå ein nyleg ­demonstrasjon i byen Sari.

Ungt håp for Irak og Iran

Ungdommar som demonstrerer mot korrupterte og sekteriske regime i Irak og Iran, har skapt håp. At regima svarar med dødeleg vald, er til å gråta over.

Dødstala i Iran stig etter at tryggingsstyrkar brutalt har svart med tåregass, dødelege slag og skarpe skot. Det er diverre grunn til på frykta at dødstala er vesentleg høgare enn dei som til dømes Amnesty International har fått ut og som var komne opp i 143 forrige måndag. Dødstala viser kor brutalt og omsynslaust regimet opptrer når det kjenner seg truga.

Det internasjonale samfunnet, Noreg inkludert, må tydeleg fordømma valdsbruken og drapa i Iran. Det held ikkje med mumling og stille diplomati.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi som i årevis har kjempa for menneske som vert trakasserte, fengsla og forfølgde for trua si i Iran, veit at det er ikkje det iranske folket som er problemet. Problemet er det sjia-muslimske regimet som greip makta i 1979 og som har skapt landet om til eit hardhendt autoritært islamistisk land.

For regimet er religiøs makt og statsmakt nett det same. Iran er eit skrekkens døme på ei slik total samanblanding. Dei som snakkar om Iran som eit ferieparadis, let nok att augo for den brutale statsmakta.

Regimet brukar maktmiddel mot alle som dei ser på som truslar. Regimet blir redd når menneske med islamsk bakgrunn blir kristne. Vi har sett fengselsstraffene for konvertittar og leiarane deira bli lengre og lengre. Fengselsdommane vert grunngjevne med trugsmål mot regimet. Vi ser forfølginga av bahaiar som også vert sett på som ein trussel for prestestyret.

Men regimet ser mange andre fiendar. Dei siste to vekene har store folkemengder teke til gatene. Det starta som protest mot heva bensinprisar, men har enda som demonstrasjonar mot det sjia-muslimske prestestyret, mot korrupsjon og mot sekterisk politikk, altså at staten med hardhendt makt forsvarar sjia-islamismen.

Iran er ein aktør som blandar seg heftig inn i andre land både Irak og Libanon. Også i desse landa er det pågåande folkelege oppstandar i gatene. Her er Iran ein forsvarar av sekterismen, altså av sjia-muslimske aktørar sine interesser. I somme landsbyar på Ninive-sletta i Irak blir iranske pengar brukte for å sikra sjia-muslimar og pressa kristne og andre som har budd der lenge, ut frå heimstaden sin.

Også protestane i Irak skaper håp om at landet kan bli bygt på borgarrettar for alle, eit land der minoritetane er trygge og der politikk ikkje lenger skal byggjast på sekterisk kamp for interessene til eigne religiøse og sosiale samfunn. At ungdom og kvinner står opp mot dette, for nye verdiar med krav om fred og arbeid, er ei løfterik utvikling.

Men risikoen er stor for at dei som har teke til gatene i Bagdad, vert knuste med valdsmakt. Også i Irak er det mange døde. Igjen er det grunn til å minna internasjonale aktørar om at protestkreftene må støttast og at vald frå tryggingsstyrkane må fordømmast.

I Irak er det ekstra løfterikt at fleire religiøse leiarar har støtta demonstrasjonane. Ein av dei er den fremste sjia-muslimske leiaren, Ali al-Sistani. Han har mellom anna bede politikarane skunda seg med å endra vallova for å løysa dei grunnleggjande problema. Politisk makt vert fordelt etter religiøse liner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sistani stiller seg altså her på ei heilt anna line enn det sjia-muslimske regimet i Iran. Det er oppløftande at han vågar utsetja seg for denne risikoen.

Også ein modig kyrkjeleiar – den kaldeiske patriarken Louis Raphael Sako – har gitt støtte til ungdommelege demonstrantar i Bagdad. «Eg er imponert over desse unge», sa han då han i slutten av oktober gjesta eit Bagdad-sjukehus med mange unge, skadde frå demonstrasjonane. Ein del var kristne, mange var muslimar. Han sa at dei unge ønskjer fred, eit menneskeverdig liv, ei framtid og eit arbeid. Nettopp.

Kvifor i all verda skal regimet svara med valdsmakt? Fordi regimet kjenner eigne sekteriske interesser truga. Dei har sikkert grunn til det. Skal Irak bli eit trygt land for alle, må det bli slutt på at politisk og økonomisk makt blir fordelt etter religiøs makt.

Når dei store sekteriske interessene støyter saman i Irak og korrupsjonen breier seg, blir dei unge meir og meir frustrerte. Religiøse minoritetar blir på si side skvisa, i alvorlege kriser blir dei rett og slett forsøkt utrydda.

Dette må Irak ta eit oppgjer med. Landet må gjennomføra rettsoppgjer etter IS. Og Irak må snarast laga ei vallov som sikrar borgarrettar for alle og leggja grunnlag for fred og ei framtid for unge og for minoritetar.

Vi heiar på dei unge og fordømmer på det sterkaste at regimet brukar skarpe skot for å stoppa det unge håpet.