Audmjuke kristne

Kristenfolket står i ein krevjande åndskamp. Sterke krefter er i sving. Vi må sloss på mange frontar. Det er snart eitt tusen år sidan kristninga av Noreg og i dag står det ein kamp om historia rundt dette. 

Det kristne synet på mennesket, som skapt i Guds bilete og med ibuande verdi, blir snakka ned og motarbeidd frå mange hald. Kampen om menneskeverdet ligg i botn for striden rundt abort, dødshjelp, eutanasi, surrogati og bioetikk. Kampen om seksualitet, ekteskap, familie og Guds ordning hardnar til. Intoleranse er på frammarsj.

Kristen tru og tenking møter openlys motstand i landet vårt i dag. For mange kristne som er van med ei majoritetstenking, der statsreligionen er eit berande element, er dette ekstra vanskeleg å handtera. Kristne med frikyrkjebakgrunn har alltid møtt motstand og mobbing og står i fare for å utvikla ei minoritetstenking og å ta ei offerrolle, som gjer det freistande å trekkja seg unna storsamfunnet og leva i sin eigen getto.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noreg har ei lang historie med eit samrøre av statsmakt, religion og kultur der trusfridom og det å vera annleis har hatt tronge kår. I dag snakkar alle fint om Hans Nielsen Hauge, men han og dei første haugianarane vart forfølgde av biskopar, prestar og staten. Fritenkjarar av ulike slag har hatt tronge kår. Det har heller ikkje vore lett for dei som valde å leva på ein annan måte enn det akseptert kristelege.

Min tippoldefar, Kristoffer, var haugianar. Han vart fødd i Telemark. Soknepresten jaga han frå bygda og han flytta til Ryfylke, der vart han også jaga bort frå gard og grunn av ein annan sokneprest og flytta til Jæren. Som ung evangelist opplevde eg mange gonger at me ikkje fekk leiga skulehus til å ha møte i, for dei lutherske kristne ville ikkje sleppa pinsevenner til i bygda. Heldigvis er denne tida forbi og forholdet mellom ulike kristne er betre enn nokon gong før.

I dag er det dei sekulære kreftene som har teke over hegemoniet kyrkja hadde for 100 år sidan. Dei set dagsorden og definerer kva som er politisk korrekt. Dei legg eit stort press på trudomssamfunn om å endra teologi og praksis. Statskyrkja har med si godkjenning av samkjønna ekteskap brote med ei totusen årig felleskristen forståing av ekteskapet som Guds ordning for ein mann og ei kvinne i livslangt samliv. Mange kristne er harme, vreide, såra og vonbrotne over denne utviklinga. Då er det lett å bruka harde ord.

På den andre sida møter vi eit sinne frå menneske som kjenner seg såra og krenka av kristne som held fram Guds ord som rettesnor for liv og lære. Det finst mange såra menneske i landet vårt med sterke klagemål mot oss kristne. Dette er noko vi må ta inn over oss. Menneskeleg uforstand og iver utan kjærleik har gjort stor skade.

Det er det same kor «gode» kristne vi er, vi er framleis veike menneske som ikkje kjenner våre eigne feilsteg. Dessverre har vi gjort mange feil og treng tilgjeving frå både Gud og menneske. Det Gud ventar av oss er at vi gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med vår Gud (Mika 6,8). Når Paulus forkynte ordet om krossen var han veik, redd og skjelvande.

Han var overtydd om at ordet om krossen var Guds kraft til frelse for alle menneske, men han var redd for at evangeliet skulle mista si kraft ved måten han bar det fram på.

Berre når vi vandrar audmjukt med vår Gud kan vi forkynna ordet om krossen på ein slik måte at det fører til omvending og tru. Vi må leggja av dei harde dømmande orda for å kunna formidla tilgjeving og forsoning. Frimodig forkynning frå audmjuke menneske frigjer Guds kraft til frelse.