Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Menneskeverd – og dyreverd

Spørsmålet om kva som er opphavet til det unike med mennesket, og dermed: ved menneskeverdet, vert ikkje stilt. 

I stova vår blei av-knappen på fjernsynet brukt berre fem minuttar inn i Nytt på nytt sist fredag. Humor er alvorlege saker. Men humoren sin sjanger vert broten når vondsinna karakteristikkar tek over.

På sitt beste er humor farleg for maktutøvarar og maktmisbrukarar. På sitt verste får humor oss til å le samstundes som vår etiske overtyding protesterer. Men protesten er forgjeves. Den når ikkje fram dit den skal. I den samanhengen vert av-knappen å likne på eit museskrik i universet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var altså – nok ein gang – Ropstad som var prügelknabe. Eg kan forstå at KrF-leiaren stilte seg lett til for hogg med dei få formuleringane han hadde om menneskeverd og dyreverd. Eg kan også forstå at representantar for MDG, som ikkje ser seg som talsmenn for faresignala han peika på, vart forarga.

Men saka i saka – eller i tabloidoppslaga – kjem til å melda seg på nytt. Den har pågått i mange år innanfor miljørørsla. I bladet PROSA var det til dømes i 2013 ein heller kvass debatt om kva skilnaden på menneske og dyr eigentleg er.

Ein av debattantane, Morten Tønnessen, medforfattar til boka «Hvem er villest i landet her?» hevda at: «Hva menneskenaturen består i […] er ikke et rent filosofisk spørsmål, men sett fra et mer vitenskapelig perspektiv et empirisk spørsmål.» Vidare: «Hva mennesket dypest sett er, eller kan være […] det kan bare fremtiden vise.»

I debatten den gongen, og før og etter det, brukte dei langt sterkare skyts enn vi har sett i den aktuelle «debatten», som jo eigentleg berre har vore oppteken av personkarakteristikkar. Biologen Markus Lindholm sa det slik i sin kritikk av Tønnessen:

Den aktuelle boka «om dyrs rettigheter er båret frem av berettiget harme over misbruket av våre medskapninger. Men for mange av tekstene rygger inn i problemer som rokker ved selve menneskeverdet, uten å finne veien ut igjen.»

Lindholm hevda at ein kunne ikkje vera ein ansvarsmedviten humanist og samtidig forfekte eit arts-egalitært (= likeverd mellom artane) syn. Det etiske valet står mellom anna mellom humanisme/antroposentrisme på den eine sida og økosentrisme på den andre.

Dei mest naturalistisk orienterte i denne debatten fekk høyra at dei forfekta eit øko-fascistisk syn. All røynsle talar også for at moralske spørsmål nettopp ikkje let seg løysa empirisk.

No er det ikkje utan vidare lett å ta nokon av desse posisjonane til seg. For dei rører seg alle innanfor ein tradisjon som talar om både menneske og dyr som – ja, nettopp dyr. Og spørsmålet om kva som er opphavet til det unike med mennesket, og dermed: ved menneskeverdet, vert ikkje stilt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det berre er der, eventuelt som resultat av det ypparste evolusjonen har framstilt. Somme kan likevel tala om menneskeverdet som noko «gitt», og som vi dermed ikkje kan rokka ved, men ikkje slik at det står ein gjevar bak gåva.