EITT: Det kristne ekteskapet er einskapleg og uoppløyseleg, at berre éin mann er gift med ei kvinne. Dei to skal vere «eitt» sa Skaparen.

Kjærleik og fornuft

Born sine rettar og relasjonar kjem tapande ut av reformen når born vert skaffa med medisinsk-teknisk hjelp utan band til heile deira biologiske opphav.

Kyrkja har alltid rekna ekteskapet som ei gudgitt ordning for samlivet mellom mann og kvinne. Stadig har krefter villa omdefinere ekteskapet til berre ei kontrakt samfunnet set stempel på. Også biskopar har ynskt at kyrkja skulle overgi ekteskapsinstitusjonen til det offentlege. Slik har ekteskapet sin sakramentale karakter blitt svekka, og nye påfunn har dukka opp.

Det var Skaparen som innstifta ekteskapet og det var Kristus som opphøgde ekteskapet til sakrament. Men i Den norske kyrkja sin vigselsliturgi frå 2017 er både teksten frå skapingsforteljinga og Jesu ord i evangeliet om ekteskapet gjort valfrie og erstatta med generelle ord om kjærleik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nyordninga med likekjønna ekteskap er ikkje forsøkt grunngitt korkje i Skrift eller tradisjon, men står som ei politisk motivert sak. Har dermed fornufta sigra over Skrifta? Langt ifrå.

Naturen stadfester det fornuftige i det monogame ekteskapet mellom mann og kvinne. Eit livskraftig, livsfremjande og livsfornyande fellesskap.

Å grunngi det likekjønna ekteskapet fornuftig er ikkje like enkelt. I Danmark søkjer ei «med-mor» om rett til å gå ut av rolla og avslutte kontrakta fordi det lesbiske forholdet er avslutta. Eit farsforhold er derimot bygd på eit biologisk faktum som korkje er tidsavgrensa eller utskiftbart.

Det likekjønna ekteskapet tener til oppløysing av naturleg slekt og arv. Born sine rettar og relasjonar kjem tapande ut av reformen når born vert skaffa med medisinsk-teknisk hjelp utan band til heile deira biologiske opphav.

Nyordninga har vakse fram i same straumen som pride-ideologien. Her er det ultimate målet eit samfunn som ikkje set grenser for seksuell utfalding og der den oppveksande slekt må bere kostnadane av eksperimentering med kjønnsidentitet og samlivsformer. Det skal ikkje mykje ettertanke til for å avsløre at dette er basert korkje på kristendom eller fornuft.

Dette som biologien stadfester og retten tradisjonelt har verna om, er i dag utsett for eit farleg eksperimentelt inngrep med uante personlege og psykologiske, sosiale og sivilisatoriske konsekvensar.

Det kristne ekteskapet er einskapleg og uoppløyseleg, at berre éin mann er gift med ei kvinne. Dei to skal vere «eitt» sa Skaparen. Denne fellesskapen er sakramental, det vil sei at dei er eit bilete på sameininga mellom Kristus og hans eine brud, Kyrkja. Utan denne basisen har ein både forlate det kristne ekteskapet og undergrave det den kristne kulturen er tufta på.