BØNN: «Anabell» er strateg, og lever nær Gud. Men nå utfordra Herren henne; ho måtte seia rett ut til sjefen sin at nå måtte han ta eit standpunkt for eller i mot Jesus. Ho bad natt og dag, tok mot til seg og leverte bodskapet som kunne kosta henne jobben.

Kristne kvinner i kamp og jubel

Dei er alle unge, aktive i sine kyrkjer, nyt stor tillit og har eit inderleg ynskje om tena Herren gjennom sitt yrke!

Vi kallar henne Kris, ho er frå Filippinene. Saman med mannen driv ho eit større advokatfirma. Dei har fått nasjonal respekt og utfordringa til å utarbeide nasjonale lover for Menneskerettighetter, eit lovverk som dekker hundre folkegrupper. Eit godt ferdig produkt er den største gåva dei kan gi landet sitt.

Dette haster, i kulissene og geografien lurer Kina, som gjerne ynskjer innflytelse over desse frodige øyane. Det er eit krevjande og farleg arbeid. For få månader sidan vart ein kollega dei samarbeider med skutt og drepen. I skrivande stund kjem eit dokument: Det nasjonale kristne råd på Filippinene er av militæret registrert som terrorister. Forfylging kan bryta ut kva dag som helst.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heime i Stavanger møtte eg «Anabell». Ho er frå Brasil, arbeider for eit større oljefirma, og har nettopp flytta hit. Ho er høgt utdanna som ingeniør, og har arbeidt internasjonalt, m.a. i Dei Forente Arabiske Emiratar.

Anabell har ei gudgitt gåve til å snakke om si kristne tru i ein vanleg kvardagsleg setting. Under opphaldet i Dei Forente Arabiske Emiratar vart sjefen hennar interessert i å få vita meir om hennar kristne tru. Han var også brasilianar.

Anabell er strateg, og lever nær Gud. Men nå utfordra Herren henne; ho måtte seia rett ut til sjefen sin at nå måtte han ta eit standpunkt for eller i mot Jesus.

Ho bad natt og dag, tok mot til seg og leverte bodskapet som kunne kosta henne jobben.

Men Den Heilage Ande hadde førebudd sjefen, som med glede tok imot Jesus. Nå har sjefen gitt henne jobb i Stavanger, der han og familien er. Nå ber dei om dagen snart kjem då han kan døypast med heile sitt hus.

Telefonen kimar på Den dominikanske republikk, det er gledes-kvitter frå Mirka. Psykologen og pådrivaren:

«Ho tannlegen du snakket med på Tent-kurset, ho drar nå til Russland. Har fått stipend til å ta ei mastergrad der, språkstudiet er inkludert. Ho er vår fyrste utsending som verkeleg teltmaker».

Mirka har stått på i mange års med å utbre teltmaker- visjonen – søndagspreiker i kyrkjer, samtaler med pastorar som opplever misjons vekking.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kontrakta med russlandsfararen er signert, plan for oppfylgjinga og solid forbønn, samt intergering med andre spansktalande teltmakere. I vissa om at ho ikkje var åleine gjekk «Julia» på flyet til Moskva.

«Engelsk læraren min døyde førige månad! « kjem det stille frå «Anna». Ingen av karakterane han hadde gitt henne på dei ulike kursa vart innført i studentprotokollen til Anna.

Anna skreiv seg inn som engelskstudent for åtte år sidan. Kontrakt lova at ho skulle vera ferdig utdanna engelsk lærar innan fire år.

Men kursa vart aldri satt opp på semesterplanen. Den høgt respekterte engelsklæraren såg kva «Anna» streva med, gjekk til den sentrale leiinga for universitet i hovudstaden Santo Domingo. Her bad han om lov til å gi signatur for dei fullførte ekstra kursa dyktige Anna hadde fullført , men svaret vart nei. Han lova Anna, at den dagen kursa står på pensums-lista, har ho karakteren. Men døden kom han i forkjøpet.

Det urovekkjande er at i dette «slave-landet» er det noko som har overlevd: Trongen til å halde fattigfolk nede.

«Sara» er geolog, dyktig og ettertrakta internasjonalt. Ho er prestedotter frå Brasil. Hennar nådegåve er å be.

Mang ei natt har gått til bønn. Herren gir henne syner og draumar, noko ho deler med nokre få. Men resultatet av bønnekampane er det mange som merkar. Ofte kjem andre til henne med visjonar om henne sjølv, desse avviser ho ikkje, men ber til døra står vid open.

«Herre, sjå til dine tenestekvinner!»