«Det er ikkje eit ordskifte med preg av respekt og innleving i andres tru og erfaring Høie inviterer til», meiner innsendaren. Foto: Odd Mehus

Høies kritikk av religion

Det opne ordskiftet helseminister Bent Høie inviterer til, ber meir preg av at ministeren vil røyka ut meiningsmotstandarar.

Helseminister Bent Høie slår i sitt svar til meg fast det vi rekna som opplagt: at han er for både ytrings- og trusfridom. Vi forventa sjølvsagt ikkje noko mindre. Det er fint at han heller ikkje meiner det er uakseptabelt å hevda at ekteskapet er ei gudgitt ordning for ein mann og ei kvinne i samfunnet vårt, slik Andreas Håtveit har gjort i sin reaksjon på leiingsspørsmålet i KRIK.

Resten av innlegget til Høie ( Dagen fredag 8.11.), viser kor vanskeleg det kan vera å landa godt, sjølv for ministrar, når det gjeld handtering nettopp av trusfridom og ytringsfridom. Når han snakkar varmt om desse verdiane, hadde det vore fint om innlegget hans reflekterte meir av dei i praksis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Religionskritikk» og «motytringar» kallar Høie eigne utfall mot Håtveit og dermed implisitt mot oss andre som forsvarer eit klassisk kristent syn på ekteskap, familie og samliv. Men er det religionskritikk ministeren driv med, når han kallar vårt syn «livsfarleg» og driv mytesirkulering knytt til forholdet mellom klassisk kristendom om sjølvmord blant homofile?

Viser Høies rekke med påstandar og karakteristikkar leiarskap, som hjelper oss til å bli klokare på korleis vi kan leva saman, både vi som er forplikta på Bibelens ord om ekteskapet som ei heilag pakt mellom mann og kvinne, og andre som har sine djupe overtydingar med andre konklusjonar? Eg trur verkeleg ikkje det.

Å karakterisera andre syn og tru som «livsfarleg» vert aldri eit argument, det er ein påstand som er enkel å framføra, som rammar hardt, særleg framført frå ein overordna posisjon, og som heller ikkje vert grunngitt nærare av ministeren. Eg saknar at han viser vilje til å gå inn i feltet han drøfter, han er trass alt også helseminister for oss som har kristen tru som djupaste identitet.

Presisjonsnivået i Høies «motytringar» er også forbløffande lågt. Der Andreas Håtveit har framført synspunkt på leiarskap internt i ein kristen organisasjon, svarer ministeren han som om Håtveit har meint noko om styre og stell i samfunnet generelt. Meiner Høie at katolikkar ikkje kan respektera Erna Solberg som statsminister ettersom dei ikkje har kvinnelege leiarar i eige kyrkjesamfunn?

Eit slikt absurd eksempel kan kanskje illustrera kor viktig det er å sortera litt i denne debatten, om trusfridom skal ha eit reelt innhald, og ikkje reduserast til eit honnørord for korrekte ingressar.

I dagens debattkultur kan skjeringspunktet mellom personlege og politiske resonnement gi ytringar eit uryddig preg. I dette ordskiftet synest eg det er vanskeleg å tolka kva hatt Høie har på; er han aktivist for ei pressgruppe i samfunnet, eller er ein helseminister også for den som opplever trua som den djupaste sanninga om kven ein er?

Uansett skal vel ein minister vita at religionskritikk er noko anna enn sleivspark som koplar kristentru og sjølvmord utan å underbygga eller gi noko fagleg forsvar for dette. Denne koplinga like uhyrleg som ho er svevande.

Sjølvmordsstatistikken i Noreg bør uroa oss alle djupt. Ho er uttrykk for botnlaus fortviling som ingen kan kjenna seg upåverka av. Kven er skuld i at menneske gløymer at dei er elska og verdifulle?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom påverknad frå kristen tru har skulda, burde ein logisk konsekvens ha vore at sjølvmordsraten gjekk ned i takt med at samfunnet vart meir sekulært. Slik er det ikkje. Vil du driva med religionskritikk som minister, bør du ha ei grundigare tilnærming også enn den borgaren du svarer!

Vil du koma med ei motytring, bør ho ha eit preg av respekt og innleving i at tru for nokon stikk djupare også enn seksuell identitet og lengt. Du bør ta integritet knytt til tru på alvor. Det opplever eg ikkje at du gjer, verken i svaret ditt til meg, eller i karakteristikkane og påstandane knytt til Andreas Håtveit.

Eg ser at Bent Høie er einig med meg i ein ting, nemleg at vi bør koma ut i ope lende i desse spørsmåla. Etter svara frå Høie trur eg motet til å koma fram med eit «upopulært» samlivssyn fort sviktar hos mange kristne. Det opne ordskiftet Høie inviterer til, ber meir preg av at ministeren vil røyka ut meiningsmotstandarar og, som Andreas Håtveit, nærast bli offentleg diskreditert som førebilete og forelder.

Det er ikkje eit ordskifte med preg av respekt og innleving i andres tru og erfaring Høie inviterer til. Då står vi att med eit innskrenka rom både for ytrings- og trusfridom.

Les også
Livsfarlige kristne?
Les også
Trosfrihet og lederskap
Les også
Helseministeren og Håtveit’en