VERDIFULLT: Mitt fokus er at uansett så må me ta vare på verdien av eit liv, skriv Torkel Johannes Bjuland.

Livet er meir

Nokon vil at me sjølv skal bestemme når ein person skal avslutte levetida si, med «aktiv dødshjelp». Dei meiner at nokon lever uverdige liv som ikkje er verd å leve.

Samfunnet går i ein retning der ordet liv blir redefinert. Dette er ein skummel utvikling.

Nokon vil at me sjølv skal bestemme når ein person skal avslutte levetida si, med «aktiv dødshjelp». Dei meiner at nokon lever uverdige liv som ikkje er «verdt» å leve.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag ser vi ein dominerande logikk i samfunnet der «det etiske handlar om å maksimere glede, og det gjorde det mogleg å førestille seg eit liv som ikkje var verdt å leve» (boka «Jeg vil dø» av Andreas Espegren Masvie). Altså eit liv med så og så mange vondar i forhold til godar er ikkje verdt å leve om ein skal følgje denne logikken. Sjølve livet i denne debatten kan av nokon sjås på som ein behandling eller eit alternativ som hjelp, for pasientar som har det vondt.

Det meiner eg er feil, livet er meir. Livet er meir enn at det nokon gong kan vere uverdig. Det å leve er ikkje ein materialistisk tenking med det å ha godar og vondar eller oppturar og nedturar. Livet er noko spesielt og magisk som skal ha ein så stor betydning at det ikkje burde bli tukla med.

Andre kranglar i abortdebatten om når eit liv startar, og diskuterer ting som befruktningsøyeblikket, når følelsa av smerte begynner, når hjernen blir laga og når hjarta begynner å slå osv.

Eit liv i denne debatten er for nokon bare avhengig av kva kvinna meiner. Livets betydning her blir ikkje ivaretatt. Mange prøver i denne debatten å knytte ordet liv til ein fast del av oss, som for eksempel hjarta eller hjernen. Denne tankegangen er for praktisk på ein så viktig etisk problemstilling. Dei har lett for å velje det lette svaret, men på dei store etiske problemstillingane må me forstå at det finnes ikkje eit lett svar, og sånn skal det vere.

I begge disse debattane blir ikkje verdien av eit liv ivaretatt. Eit liv er noko større enn at me kan setje ord på det skikkeleg, betydninga av det skal vere så stor at det ikkje er eit lett svar. Kort sagt det er nokon spørsmål som ikkje har eit lett svar, og det må vere sånn for at betydninga er reel.

Det er direkte farleg at i etiske debatter, blir store viktige aspektar av livet og vår eksistens trivialisert, liberalisert og betydninga av livet tråkka ned.

Mitt fokus er at uansett så må me ta vare på verdien av eit liv. At eit liv er uendeleg mykje verdt, og at eit liv må ikkje tråkkast ned på grunn av enkeltsaker. I tillegg til at vi huskar på at:

Livet er meir enn materialistiske godar og vondar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Livet er meir enn eit bilde på ultralyden.

Livet er meir enn eigenskapane til ein person.

Livet er meir enn kva namn du lager deg i verden.

Livet er meir enn beslutningane du tar og kva konsekvensen av dei.

Livet er meir enn lette svar på vanskelege spørsmål.

Livet er så mykje meir.