PLANTA TRE: Den franske presidenten Nicolas Sarkozy planta i 2011 eit tre til minne om ugjerninga mot armenarane.

Folkemordet på armenarane

Det er tragisk at den norske regjeringa ikkje har godkjent at tyrkarane si handsaming av armenarane i 1915–1923 var eit folkemord.

På ny har me vorte minna om det grufulle som hende den armenske folkegruppa i Aust-Tyrkia frå året 1915 og nokre år framover. Det var under den Første verdskrigen, og dei ottomanske styremaktene hadde mistillit til dei kristne armenarane sin lojalitet.

Mange vart avretta, og fleire hundre tusen vart drivne austover i den syriske øydemarka til ein sikker død utan mat og vatn. Meir og mindre held dette fram heilt til 1923. Armenarane hevdar at omkring 1,5 millionar menneske vart avretta eller drivne i døden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein del land i Europa, blant anna Sverige og Frankrike, har erkjent at dette var eit folkemord som tyrkiske styremakter hadde ansvar for. Sist ut no er den amerikanske kongressen, og det er å vona at president Trump set kongressen sitt vedtak i verk. Noreg er eit av mange land i verda som ikkje har sagt at tyrkiske styremakter dreiv folkemord mot armenarane. Det er uforståeleg.

I 2015 uttalte vår statsminister at først måtte historikarane seia sitt, og så hevdar norske styremakter at det er problematisk å kalla for folkemord noko som hende før FNs folkemordkonvensjon vart vedteken i 1948. Men då kan ein heller ikkje kalla Holocaust for folkemord. Det er ei billeg utflukt frå sanninga. Historikarane har talt.

Hadde vår gode statsminister, Erna Solberg, reist til Jerevan til minnemarkeringa den 24. april i 2015 (som ho burde ha gjort i staden for å senda ambassadøren i Moskva), kunne ho ha vitja folkemordmuseet. Der finn me dokumentasjon på at den tyrkiske regjeringa visste om kva som gjekk føre seg.

Det var ikkje semje i regjeringa om fordrivinga av armenarane, og andre kristne grupper, men det var tyrkiske styremakter som var ansvarlege. Utanfor museet kunne ho ha gjort som den franske president Nicolas Sarkozy gjorde nokre år tidlegare: Planta eit tre til minne om ugjerninga.

Det finst ei tragisk historie om ein armensk musikar frå tida rundt folkemordet. På ein CD me fekk kjøpt i Jerevan, «Winds of Passion», kan me lytta til musikk som me anar rommar eit heilt folks sorg og triste historie. Musikken er vemodig og full av gråt. Men så vakker. Det er fortalt at ein av komponistane, som budde i Istanbul, fekk eit psykisk samanbrot i tida for folkemordet. Han hamna på asyl i Frankrike der han døydde.

Den norske regjeringa bør snøggast råd godkjenna at tyrkarane si handsaming av armenarane for hundre år sidan var eit folkemord. Det får våga seg at president Erdogan vert sint. Rettferda og sanninga er viktigare.