Når kan me venta Herren?

Me har fått mange ting å retta oss etter, men ingenting av dette har kome enno. Me kan derfor ta noko feil når me skal anslå når det vil henda.

Me ser mange frå Afrika flyttar til Europa og Amerika, men det fortel ikkje mykje. Men får me sjå at fyrsten over Ros Mesek og Tubal reiser til Israel, då har me eit sikkert teikn.

På same vis når antikrist kjem i tempelet. Då er me nok komne til den syttiande veka for Israel, som er sju år. Eg trur han sat der i seks år og tre og ein halv månad. Han måtte forbryta seg alle dagane. Det er den tida det daglege offeret vert bortteke 2300 kveldar og morgonar. Og Daniel skriv frå den øydande styggedomen vert sett opp, skal det gå 1290 dagar. Dette er etter at han måtte ut or tempelet, og det er før Jesus er komen til oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Av dette skjønar me at det enno er mange år til Herren kjem. Men kan henda står det noko i Bibelen som tydar ei meir sikker tid. Me har ein liten profet som heiter Hosea, han skriv noko å tenkja på. I kapittel 6 vers 2 skriv han «Han vil gjera oss levande etter to dagar. På den tredje dagen vil han reisa oss oppatt, og me skal leva for Hans åsyn».

Dersom desse to dagane er to tusen år, så vil me koma nokså nær den tida han kjem. No seier du gjerne at det har gått meir enn to tusen år. Ja, frå Jesus var fødd er det meir enn det. Men her må me rekna frå han var død. Det var då han stod opp etter to dagar. Tredje dagen vart han levande. Me reknar vel med at Jesus vart godt og vel 33 år, og då kjem me fram til 2033–34.

Me veit at for Herren er ein dag som tusen år, og tusen år som ein dag, men dagen eller timen veit ingen utan Faderen. Mykje taler for at det er to tusen år det må vera, det kan ikkje vera noko mindre. Reknar me med dette så kan Antiokus 4 sitja i tempelet cirka 2024, men det er enno ikkje kome noko tempel. Tempelet vil nok koma, og alt som står skrevet. Han vert rydda ut frå Tempelet, og må bort frå Israel. Dette hender når den øydande styggedomen vert sett opp på tempelplassen. Då dreg han fram i Midtausten i 1290 dagar. Han er innom Egypt og ranar og røvar, og så tilbake til Israel.

No får me tre store hendingar nært saman. Eg kan først ta Harmageddon, der blodet flaut i straumar gjennom liene. Det er nok den store hæren hans som får det første store tap. Me veit at Israel har atombomber, og eg trur det må vera noko slikt. Det andre som hender er at Antiokus vert blåst til eldsjøen, med pusten frå Jesus sin munn, og resten av hæren hans vert gravlagd i gogflokkens dal.

Me har no den største hendinga når Jesus hentar si brud. Er det noko større som har hendt mellom oss! Dette at Jesus døydde for oss er nok det største, det vert til frelse for alle som trur på Han.

Eg meiner at når han som vert kalla dyret og talet 666 set seg i tempelet vil det gå ni år og ti månader. Då kjem Herren. De som ikkje har kome til Jesus, bruk forstand og søk Han snart. Då vil han ta imot deg, og du skal takka og prisa Han.