«Dette siste har lenge vore under politiske press og tidsånda sitt press, men det er ei plikt for styret, rektor og tilsette ved institusjonen å stå mot dette presse og ivareta institusjonens oppgåve ut frå det han er oppretta til», skriver Johannes Kleppa. Bildet viser NLA Høgskolen i Sandviken i Bergen.

NLA Høgskulen under press

NLA Høgskolen er under press for tida. Måten det vert møtt på frå rektor og styret, kan vera avgjerande for høgskulen si framtid.

Historia er full av døme på høgskular og universitet som vart reiste på eit kristent fundament og med ei tydeleg kristen målsetjing, men som kom på glid og enda ein heilt annan stad teologisk og ideologisk enn der dei starta. Ved ideologiske institusjonar er det i praksis dei tilsette som definerer og profilerer institusjonen. Det må styre, rektor og tilsette vera seg svært medvitne.

Det presset som NLA no er under, starta ved eit seminar i lokala ved høgskulen. Arrangør var med Frimodig kirke og Til Helhet, ikkje NLA. Dette arrangementet burde vera heilt uproblematisk fordi arrangørane er organisasjonar som fleire av eigarane av NLA har nær tilknytting til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei er altså i stor grad representative for dei som står bak institusjonen. Dessutan var det som kom fram under seminaret, i tråd ved tradisjonell kristen oppfatning av kjønn. Rektor ved NLA burde difor ikkje ha beklaga dette seminaret eller på vegner av NLA sagt seg usamd med det som kom fram der, men heller forsvart det og sagt at NLA gjerne kunne har vore medarrangør.

Etter seminaret har to NLA-tilsette sagt opp i protest. At dei seier opp når dei er usamd i det NLA og eigarane for høgskulen står for, burde ikkje beklagast. Det burde heller respekterast. Når tilsette ved ein ideologisk institusjon, og i dette tilfellet ein klart definert teologisk høgskule, kjem i konflikt med det institusjonen og eigarane av denne står for, er det rett at dei sluttar. Ja, dei har plikt til det.

Rett nok burde oppseiinga skje i respekt for og lojalitet til institusjonen, og ikkje i protest for å legga ideologisk press på arbeidsgjevaren. For nokre år sidan sa rektor ved Gjennestad videregående skole opp fordi han var komen i teologisk konflikt med eigaren.

Det fortener respekt, og då kan skulen drivast vidare ut frå sitt grunnlag og si måsetjing. Det er også døme på verdimessig klargjering ved høgskular, der dette har ført til oppseiingar. Det reinskar lufta og gjer at institusjonen kan fungera etter sin eigenart og si målsetjing, samstundes som den som seier opp, ivaretek si overtyding.

Den store utfordringa for NLA no er at «NLA-ansatte» knytte til Forskerforbundet og Utdanningsforbundet i eit ope brev går sterkt i rette med NLA og med det med sin arbeidsgjevar på eit ideologisk og teologisk plan. Det er svært grovt, både prinsipielt sett og ved at det ikkje er gjort klart kven desse «ansatte» er, bortsett frå at dei vert fronta av professor Kåre Berge. Denne gruppa vil ha endring i verdidokumentet for høgskulen og dei vil ha eit nytt styre. Då går dei langt ut over det som ligg i deira mandat både som fagforeiningar og som tilsette.

Det er ingen menneskerett å vera tilsett ved ein ideologisk basert høgskule. Dei som vil arbeida der, må kunna gjera det på institusjonens verdigrunnlag og dei må kunna fremja institusjonens målsetjing slik eigaren ved generalforsamling og styre definerer dette. Unntaksvis kan det vera nok at dei er lojale.

Det som dei aktuelle «NLA-ansatte» no gjer, er å setja den akademiske fridom og forskningsfridomen over den ideologiske organisasjonsfridom, som også inneber ein fri styringsrett og tilsetjingsrett for institusjonen. Det er ei innsnevring av åndsfridomen.

Dette siste har lenge vore under politiske press og tidsånda sitt press, men det er ei plikt for styret, rektor og tilsette ved institusjonen å stå mot dette presse og ivareta institusjonens oppgåve ut frå det han er oppretta til. Sviktar dei ansvarlege på dette området og i den kampen som no står, er det berre eit tidsspørsmål kor lenge NLA er ein teologisk institusjon som det bibeltru kristenfolket kan ha tillit til og er tent med. Situasjonen påkallar kristenfolket si førbøn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

----------

Dette innlegget ble først publisert på nettsidene til Misjon Sarepta.

Les også
Ideologisk kritikk av NLA Høgskolen
Les også
Usignert brev til NLAs rektor og styre